Robert James «Bobby» Fischer () var ein amerikansk sjakkspelar og stormeister i sjakk som vart islandsk borgar i 2005. Fischer vart kjend i tenåra for sjakktalentet sitt og i 1972 vart han den einaste amerikanske sjakkspelaren som offisielt har vore verdsmeister i sjakk. I 1975 nekta han å forsvare tittelen då Verdssjakkforbundet FIDE, ikkje aksepterte dei 64 krava hans for å spele kampen. Fischer vert ofte trekt fram som ein av dei største sjakkspelarane gjennom tidene.Tidlegare verdsmeister Max Euwe, på side ix i boka si Bobby Fischer--The Greatest? (Sterling Publishing Co. 1979). Stormeister Andrew Soltis kalla på side 9 i boka si "Bobby Fischer Rediscovered" (Batsford 2003) Fischer for «kanskje den største spelaren i historia». Stormeister Edmar Mednis skriv òg noko liknande i How to Beat Bobby Fischer (Dover 1997). Tidlegare verdsmeister Garri Kasparov, skriv i My Great Predecessors (Everyman Chess 2004) «Mange reknar Robert Fischer som den beste sjakkspelaren på 1900-talet. Kanskje er det sant.»

Fischer vart fødd i Chicago og voks opp i Brooklyn i New York City. Han vart verdskjend i 1972 då han slo Boris Spasskij frå Sovjetunionen og vart verdsmeister. Kampen gjekk i Reykjavik på Island, og har ofte blitt kalla hundreårets sjakkamp. Dette mellom anna fordi kampen gjekk midt under den kalde krigen, der Fischer vart sett som den vestlege verda sin representant i kampen mot kommunismen og Austblokka. Uvisse om Fischer ville stille opp, og dei mange krava han kom med før og under kampen, førte også til mykje medieomtale.

Då han skulle forsvare tittelen mot Anatolij Karpov i 1975 la han fram heile 64 krav om korleis kampen skulle spelast. Krava omhandla alt frå kva klede tilskodarane skulle ha på seg til korleis sjølve kampen skulle avgjerast. Det internasjonale sjakkforbundet godtok faktisk 63 av dei, men nekta å godta at Fischer på stillinga 9-9 skulle utnemnast som vinnar. Fischer sitt krav, som FIDE ikkje ville godta, var at utfordraren i praksis måtte vinne kampen med 10-8. Dermed sa Fischer frå seg tittelen.

Fischer spelte ikkje turneringssjakk etter at han vann VM-tittelen i 1972, med eitt unntak: I 1992 var det duka for ein uoffisiell omkamp mellom Fischer og Boris Spasskij i det som har vorte omtalt som ein av tidenes omkampar. Kampen gjekk i det krigsherja og SN-boikotta Jugoslavia, og på grunn av dette åtvara USA på det sterkaste Fischer mot å delta. Sjakkmeisteren gav blaffen i åtvaringa og spytta mellom anna på den skriftlege åtvaringa føre kamera. Fischer vann kampen og konkurrerte aldri igjen.

Fischer var ein kontroversiell mann. Sjølv om mora var jødisk, og truleg også den biologiske faren var jøde, nekta han å vedkjenne seg dette og kravde at oppslagsverk ikkje skulle omtale han som jøde. Han kom med mange anti-jødiske og anti-amerikanske utsegner. Han nekta til dømes for Holocaust. Og etter åtaka 11. september 2001 på Verdshandelssenteret i New York uttalte han i eit radiointervju at dette var gode nyhende fordi han meinte at USA og Israel hadde slakta palestinarar i årevis.

Som følgje av brot på amerikansk lovgjeving med sanksjonar mot å reise til Jugoslavia for å spele kampen vart han etterlyst, og til slutt arrestert i Japan 13. juli 2004. USA ynskte han utlevert, men japanarane gav ikkje etter. Island tilbaud seg å ta imot han, og Fischer søkte om islandsk statsborgarskap. Dette vart innvilga ved eige lovvedtak i Alltinget 21. mars 2005, og allereie 3 dagar etterpå kom han til Island. Her døydde han etter ein sjukdomsperiode på eit sjukehus i Reykjavik, av nyresvikt.

Unge år Robert James Fischer vart fødd på Michael Reese Hospital i Chicago, Illinois. Mor hans, Regina Wender, var amerikansk borgar av tysk jødisk opphav, fødd i Sveits, men voks opp i St. Louis, Missouri. Far til Fischer er i følgje fødselsattesten Regina Wender sin første ektemann, Hans-Gerhardt Fischer, ein tysk biofysikar. Foreldra gifte seg i 1933 i Moskva, Sovjetunionen, der Wender studerte medisin. Ein artikkel i 2002 av Peter Nicholas og Clea Benson i avisa The Philadelphia Inquirer antydar at Paul Nemenyi, a ein jødisk ungarsk fysikar, kan ha vore Fischer sin biologiske far. Artikkelen siterer ein FBI-rapport, som seier at Regina Fischer vende tilbake til USA i 1939, medan Hans-Gerhardt Fischer aldri kom til USA. Hans-Gerhardt og Regina Fischer vart skilde i 1945 då Bobby var to år gammal, og han voks opp saman med mor si og den eldre søstera si, Joan. I 1948 flytta familien til Mobile, Arizona, der Regina var lærar i barneskulen. Neste år flytta dei til Brooklyn, New York, der Regina arbeidde som lærar i barneskulen og sjukepleiar.

mini|17 år gamle Bobby Fischer under sjakk-OL i Leipzig i 1960

I mai 1949 kjøpte søstera til Bobby Fischer eit sjakksett i ein butikk i førsteetasjen i blokka som dei budde i. Bobby var 6 år, og lærte seg å spele frå reglane som låg ved. Ein månad etterpå fekk han si første sjakkbok. I meir enn eit år spelte han sjakk på eiga hand. Då han var sju, vart han med i Brooklyn Chess Club, og fekk opplæring av leiaren i klubben, Carmine Nigro. Seinare vart Bobby Fisher med i The Manhattan Chess Club. Andre viktige personar for den unge sjakkspelaren var meisterspelaren og sjakkjournalisten Hermann Helms, og stormeister Arnold Denker. Denker var ein mentor for den unge Bobby Fischer, og tok han med på ishockeykampar i Madison Square Garden, der dei heia på The New York Rangers. Då Fischer var tretten, spurde mor til Bobby Fischer om John W. Collins ville trene han. Collins hadde trena fleire toppspelarar, som dei seinare stormeistrane Robert Byrne and William Lombardy. Fischer brukte mykje tid heime hos Collins, og somme har beskrive Collins som ein farsfigur for Fischer.

Bobby Fischer begynte på Erasmus Hall High School samtidig med Barbra Streisand, men han slutta på High School i 1959 då han vart 16. Lærarar skal ha omtalt han som ein vanskeleg elev.

Sjakk-vedunderbarn og ung meister (1956-57) Fischer sin første verkelege framgang var å vinne USA-meisterskapen for juniorar i Philadelphia i juli 1956.Enevoldsen, s.10 Han klarte 8,5 poeng av 10 moglege, og vart som 13-åring den yngste som hadde vunne denne meisterskapen, ein rekord som framleis står. I U.S. Open Chess Championship for 1956 i Oklahoma City, klarte han 8,5/12, noko som gav ein delt 4-8. plass. Han deltok deretter i det første Canadian Open Chess Championship i Montreal 1956, der han tok 7/10 med ein delt 8-12. plass. Fischer sitt berømte parti mot Donald Byrne, kalla «hundreårets sjakkparti» av sjakkjournalisten Hans Kmoch, kom i den 3. Rosenwald Trophy tournament i New York 1956. Som 12-åring blei han tildelt tittelen National Master av USA sitt sjakkforbund (USCF), til då den yngste som hadde oppnådd denne tittelen.

I 1957 forsvarte først Fischer sin tittel som USA-meister for juniorar, ved å klare heile 8.5/9 i turneringa i San Francisco.Enevoldsen, s. 12 Deretter vann han U.S. Open Chess Championship for 1957 i Cleveland. Han fekk saman med Arthur Bisguier 10/12, men hadde møtt litt hardare motstand enn Bisguier etter kvalitetsberekninga for turneringa, og blei kåra som vinnar. Han er framleis den yngste vinnaren av U.S. Open nokon gong. Fischer vann så ein tvikamp i New York City mot den unge filippinske meisteren Rodolfo Tan Cardoso med 6-2 (+5, =2, -1), og deretter New Jersey Open Championship. Desse resultata gjorde at Fischer vart invitert til å delta i USA-meisterskapen for 1957-58 i New York. Han vann denne turneringa, med 10,5/13, og blei dermed i januar 1958, 14 år gammal, den yngste USA-meisteren nokon sinne, ein rekord som framleis står. Dette gav han også tittelen Internasjonal Meister i sjakk (IM), den yngste i verda som hadde oppnådd denne tittelen til då.Enevoldsen, s. 13 (Denne rekorden er slått av mange spelarar seinare).

Første forsøk på VM-tittelen (1958-59) Fischer sin siger i USA-meisterskapen gjorde at han var kvalifisert til å delta i intersoneturneringa for 1958 i Portorož, som var neste steg på vegen mot å få utfordre verdsmeisteren i sjakk. Fischer var då 15 år, og den til då yngste som nokon sinne hadde deltatt i ei intersoneturnering. Dei seks fremste i intersoneturneringa ville kvalifisere seg for kandidatturneringa. Det var ikkje mange som trudde at Fischer hadde sjanse til å kvalifisere seg, men igjen overraska Fischer, og delte 5-6. plassen i turneringa med 12/20, etter ein sterk sluttspurt. Fischer vart dermed den yngste som hadde kvalifisert seg til kandidatturneringa, ein rekord som stod til 2005, då Magnus Carlsen slo rekorden, rett nok under noko annleis vilkår. Fischer vart dermed også stormeister i sjakk, også dette som den yngste gjennom tidene, ein rekord som stod til 1991, då Judit Polgar slo rekorden.

Før kandidatturneringa deltok Fischer i 1959 i internasjonale turneringar i Mar del Plata, Santiago, and Zürich. Han spelte ujamnt i dei to turneringane i i Sør-Amerika. I Mar del Plata fekk han delt tredjeplass saman med Borislav Ivkov, eit halvt poeng etter turneringsvinnarane Ludek Pachman og Miguel Najdorf. I Santiago delte han fjerde til sjetteplass, bak Ivkov, Pachman og Herman Pilnik. Han gjorde det betre i den sterke turneringa i Zürich, der han blei nummer 3, eit poeng bak vinnaren Mikhail Tal (som kom til å bli verdsmeister 1960-1961), og eit halvt poeng bak Svetozar Gligoric.

Kandidatturneringa i Bled, Zagreb og Beograd i Jugoslavia i 1959 gjekk også rimeleg bra for den då berre 16 år gamle Bobby Fischer. Han delte femteplassen av åtte deltakarar, med 12,5/28 - men han tapte alle dei 4 partia mot turneringsvinnaren Mikhail Tal.

Neste mislykka forsøk på VM-tittelen (1960-62) I 1960 delte Fischer førsteplassen i den sterke turneringa i Mar del Plata i Argentina med den unge sovjetiske stjerna Boris Spasskij. Desse to var godt framom resten av feltet, med 13,5/15.Mar del Plata 1960 - omtale og partisamling Fischer tapte berre mot Spasskij. Dette var første gong dei møtte kvarandre. Trass i Fischer sine problem på brettet mot Spasskij, var det på den menneskelege planet eit vennskapleg forhold mellom desse to allereie frå 1960. Fischer sleit i den påfølgjande turneringa i Buenos Aires, med berre 8,5/19. Turneringa vart vunnen av Viktor Korchnoi, Sovjetunionen og Samuel Reshevsky, USA, begge med 13/19. Denne turneringa i Buenos Aires var den einaste verkelege mislykka turneringa Bobby Fischer hadde som sjakkspelar.

I 1961 vart det avtalt ein tvikamp over 16 parti mellom Fischer og Reshevsky. Kampen skulle spelast i New York og Los Angeles. Trass i Fischer sine framgangar, var veteranen Samuel Reshevsky (fødd i 1911, 32 år eldre enn Fischer) rekna som favoritt. Reshevsky hadde meir erfaring frå tvikampar, og hadde aldri tapt ein tvikamp. Etter at det var spelt 11 parti var stillinga lik, med to sigrar til kvar og sju remisar. Det hadde vore mange harde og lange parti, som hadde blitt avbrotne for å bli spele ferdig neste dag, såkalla hengeparti. Dette hadde forseinka tidsskjemaet for heile tvikampen, og her hadde blitt problem med kvar og når partia skulle spelast.

Det tolvte partiet skulle spelast om ettermiddagen, men vart aldri spela, og tvikampen vart avbroten: Organisator og sponsor Jacqueline Piatigorsky var gift med den verdskjende cellisten Gregor Piatigorsky. Han skulle halde ein konsert om kvelden, som fru Piatigorsky ynskte å vere på, og ho ynskte også å vere tilstades på det planlagde tolvte partiet i tvikampen. Ho flytta dermed starten av det 12. partiet til klokka 1100 om føremiddagen, utan på førehand å ha sikra seg Fischer sitt samtykke. Fischer likte å sove lenge og protesterte, og avbraut etter kvart heile tvikampen då han ikkje klarte å bli einig med organisatoren om ei løysing. Reshevsky fekk premien som vinnar av tvikampen. Fischer gjorde seinare opp med fru Piatigorsky, ved å akseptere ein invitasjon til den andre Piatigorsky Cup, Santa Monica 1966, der ho var ein av sponsorane.