miniatyr|Skjenning.

Skjenning er eit tradisjonelt norsk festflatbrød frå Innheradsområdet. Det er baka av ein deig av potet, havremjøl, byggmjøl, rugmjøl, sukker, salt og vatn. Brødet vert blankt på overflata på grunn av ei mjøl- og sukkerblanding som vert smørt på under steikinga. Skjenning er tynt, sprøtt og har trekanta form. Det vert gjerne ete ved sida av det tradisjonelle soddet i gjestebod som barnedåp, bryllaup og gravferd.

Skjenning er omtalt frå 1700-talet. Gerhard Schøning skreiv i ei reiseskildirng frå 1773 om bruk av skinna-brød som bryllaupskost i Romsdal. Her heiter det: Skinna-brød kaldes et vist Slags Flad-brød, som medens det steges, oversmørres paa den ene Siide med raae Mælk. (Mælken av nye baarne Køer), hvoraf det overtrækkes med en hvid Hinne.Shøning (1910), bind 1, side162.

Beskytta produktnemning Skjenning er ei verna produktnemning for flatbrød baka etter gitte normer i Innherred som omfattar kommunane Levanger, Mosvik, Verran, Snåsa, Inderøy, Verdal og Steinkjer. Deigen skal bestå av potet, havremjøl, byggmjøl, rugmjøl, sukker, salt og vatn. Han skal penslasr med en mjølk- og sukkerblanding på den eine sida under steikinga. Forskriften set krav til at hovudingrediensane potet og havre skal vera dyrka og bearbeidd på Innherred, og at dei skal utgjera minimum 75 % av deigen.Forskrift om beskyttelse av produktbetegnelsen Skjenning som Beskyttet opprinnelsesbetegnelse

Kjelder

Bibliografi Schøning, Gerhard (1910): Reise giennom en Deel av Norge i de Aar 1773, 1774, 1775 paa Hans Majestæt Kongens Bekostning er giort og beskreven af Gerhard Schøning. Bind I og II. Trondhjem.

Kategori:Flate brød Kategori:Norsk mat Kategori:Beskytta produktnemningar