Liepāja (litauisk Liepoja, polsk Lipawa, tysk Libau, russisk Лиепая (Lijepaja), Либава (Libava), Любава (Lybava)) er ein by vest i Latvia ved Austersjøen og det administrative senteret i Liepāja fylke. Det er den største byen i regionen Kurzeme og den tredje største i landet etter Riga og Daugavpils med om lag 85 000 innbyggjarar. Han er ei viktig isfri hamn.

Liepāja er kjend i Latvia som «byen der vinden er fødd», truleg på grunn av den konstante trekken inn frå havet. Omdøme som den mest vindfulle byen i Latvia har har vorte forsterka av det største vindkraftverket i Latvia (33 Enercon vindturbinar) vart bygd i nærleiken.

Liepāja fekk byvåpenet sitt fire dagar etter han fekk bystatus 22. mars 1625.Offisiell side Byvåpenet viser løva av Kurzeme med ein delt hale som lener seg mot eit lindetre med frambeina.

Byen er ein hamneby, og har status som frihamn, med skatteletter for å oppmuntre næringslivet.

Sovjetiske styrkar hadde ein flåtebase her under Sovjetunionen.

Fotnotar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Liepāja» frå , den 21. januar 2008.

Bakgrunnsstoff

www.portofliepaja.lv - Hamna i Liepaja Virtuell reise i Liepaja Liepaja Info - Mobile App

Kategori:Byar i Latvia Kategori:Hamnebyar ved Austersjøen