Sjå òg REM-søvn.

R.E.M. er eit rockeband frå USA som vart danna i Athens i Georgia i USA i januar 1980 av vokalist Michael Stipe, gitarist Peter Buck, bassist Mike Mills og trommeslagaren Bill Berry.

Etter at dei debuterte med EP-en Chronic Town i 1982, gav bandet ut seks album på like mange år, frå Murmur i 1983 til Green i 1988. Den klare R.E.M.-lyden og dei kryptiske tekstane til Stipe hadde stor påverknad på mange band, både skrangle-pop band på 80-talet og alternativ rock-band på 90-talet. Etter å ha oppnådd suksess på nytt plateselskap mot slutten av 80-talet og tidleg på 90-talet kunne bandet fronte sine eigne politiske saker på same tid som dei spelte på store arenaer verda over. Plater som Out of Time (1991) og Automatic for the People (1992) selde til platinum fleire gonger og vart godt tekne imot både av fans og kritikarar.

I 1997, etter at R.E.M. hadde signert ny kontrakt med plateselskapet sitt, Warner Bros. Records, for rekordsummen 80 millionar dollar, forlét trommeslagar Bill Berry bandet. R.E.M. heldt fram med dei 3 attverande medlemmene. Etter ein del forandringar i musikkstil heldt bandet fram i det neste tiåret med blanda kommersiell suksess. I 2007 vart historia og påverknaden til bandet heidra med plass i amerikanske Rock and Roll Hall of Fame. I september 2011 annonserte R.E.M. på nettsida si at dei hadde oppløyst bandet.

Historia Skiping og oppstart: 1980–1981 I januar 1980 vart Michael Stipe kjend med Peter Buck i platebutikken i Athens i Georgia der Buck jobba. Dei to oppdaga at dei hadde like musikksmakar, spesielt når det gjaldt pønkrock- og protopønk-artistar som Patti Smith, Television, og The Velvet Underground. Stipe sa at «det verkar som eg kjøpte alle platene som [Buck] hadde lagt av til seg sjølv».«It turns out that I was buying all the records that [Buck] was saving for himself.» – Gumprecht, Blake: «R.E.M.» i Alternative America, vinteren 1983. Kort tid etter møtte Stipe og Buck medstudentane på University of Georgia, Mike Mills og Bill Berry, på ein fest.Holdship, Bill: «R.E.M.: Rock Reconstruction Getting There» i Creem, september 1985. Dei to hadde spela musikk saman sidan high school.Buckley, s. 30 Kvartetten vart einige om å samarbeide om nokre songar, og Stipe har seinare sagt at «det var aldri nokon stor plan bak noko av det».«There was never any grand plan behind any of it.» – Gumprecht, Blake: «R.E.M.» i Alternative America, vinteren 1983. Bandet deira, som framleis ikkje hadde fått noko namn, brukte fleire månader på å øve inn den fyrste framsyninga si, som var 5. april 1980 på bursdagsfesten til ein kamerat i ei omgjord kyrkje. Etter å ha vurdert namn som «Twisted Kites», «Cans of Piss» og «Negro Wives», valde bandet til slutt «R.E.M.», som Stipe tilfeldig plukka ut frå ei ordbok.Buckley, s. 39

Bandmedlemmene slutta til slutt på skulen for å fokusere på gruppa si, som var i stadig utvikling. Dei fann ein manager i Jefferson Holt, ein plateelskap-eigar som var så imponert over ein R.E.M.-konsert i heimbyen sin i Nord-Carolina, at han flytta til Athens.Buckley, s. 41 Suksessen til R.E.M. i Athens og områda rundt kom omtrent på ein blunk; bandet trekte gradvis meir og meir folk til konsertane sine, og dette skapte noko forarging i musikkmiljøet i Athens.Buckley, s. 46 I det neste halvtanna året reiste R.E.M. rundt på turné i alle sørstatane i USA. Turneringa var vanskeleg sidan det ikkje eksisterte turneringsplanar for alternative rockeband på denne tida. Gruppa måtte turnere i ein gamal varebil som Holt køyrde, og bandmedlemmene levde på ein matrasjon til 2 dollar dagen.Buckley, s. 53–54 Sommaren 1981 spela R.E.M. inn den fyrste singelen sin, «Radio Free Europe», på produsent Mitch Easter sitt drive-in-studio i Winston-Salem i Nord-Carolina. «Radio Free Europe» vart utgjeven på det lokale plateselskapet, med eit fyrsteopplag på tusen eksemplar, som fort vart selde ut.Sullivan, s. 27 Trass i det avgrensa opplaget fekk singelen gode kritikkar frå større medium; han vart rangert som ein av dei ti beste singlane i 1981 av The New York Times, og Village Voice gav han tittelen «Single of the Year» i Pazz & Jop-kritikaravstemminga det året.Gray, s. 497

I.R.S. Records og kultsuksessen: 1982–1986 R.E.M. spela inn EP-en Chronic Town EP med Mitch Easter i oktober 1981, og denne var også planlagt utgjeven på Hib-Tone.Buckley, s. 59 Men ein demo av den fyrste innspelinga deira med Easter hadde sirkulert i månadsvis, og I.R.S. Records fekk også tak i ein kopi.Buckley, s. 61–63 Bandet tok ikkje imot forskota frå RCA Records, eit større plateselskap, men valde i staden I.R.S., som dei skreiv kontrakt med i mai 1982. Chronic Town vart utgjeven på I.R.S. i august same år, som den fyrste amerikanske utgjevinga til selskapet.Buckley, s. 66–67 Det britiske musikkbladet NME trykte ei positiv melding av EP-en der det vart framheva at songane hadde ein aura av mystikk, og det vart konkludert med at «R.E.M. kling godt, og det er flott å høyre noko så lite framtvinga og utspekulert som dette».«R.E.M. ring true, and it's great to hear something as unforced and cunning as this.» – Grabel, Richard: «Nightmare Town» i NME, 11. desember 1982.

I.R.S. sette fyrst R.E.M. saman med produsent Stephen Hague for å spele inn debutalbumet, men det at Hague la så mykje vekt på teknisk perfeksjon gjorde at bandet ikkje var nøgde, og spurde difor plateselskapet om å få arbeide med Easter i staden.Buckley, s. 72 I.R.S. gjekk med på ei «prøve»-økt der bandet fekk reise til Nord-Carolina att, og spele inn songen «Pilgrimage» med Easter og produsentpartneren hans Don Dixon. Etter å ha høyrt opptaket lét I.R.S. bandet spele inn albumet med Dixon og Easter.Buckley, s. 78 Grunna den dårlege erfaringa med Hague, spela bandet inn albumet gjennom ein prosess der dei nekta å ha med klisjéar frå rockemusikken, som gitarsoloar eller dei då populære synthesizerane, dette for å gje musikken deira eit tidlaust preg.Buckley, s. 78–82 Det ferdige albumet, Murmur, vart heidra med gode kritikkar ved utgjevinga i 1983, og musikkbladet Rolling Stone kåra albumet til den beste plata det året.Buckley, s. 73 Albumet kom opp på 36. plass på bladet Billboard si albumliste.Buckley, s. 357–58 Ei nyinnspeling av «Radio Free Europe» var hovudsingelen frå plata, og nådde 78. plass på Billboard si singelliste i 1983. Trass i den gode mottakinga frå publikum, sal Murmur berre i om lag 200 000 eksemplar, noko Jay Boberg på I.R.S. følte var under det ein kunne forvente.Buckley, s. 95

R.E.M. gjorde den nasjonale fjernsynsdebuten sin på Late Night with David Letterman i oktober 1983,Gray, s. 432 der gruppa framførte ein ny song utan namn.Gray, s. 434 Songen, som seinare er kalla «So. Central Rain (I’m Sorry)», vart den fyrste singelen frå det andre albumet deira, Reckoning (1984), som også vart innspela med Easter og Dixon. Dette albumet fekk også gode kritikkar, Mat Snow i NME skreiv at Reckoning «stadfestar at R.E.M. er ei av dei mest vedunderleg spennande gruppene på planeten».«[Reckoning] confirms R.E.M. as one of the most beautifully exciting groups on the planet.» – Snow, Mat: «American Paradise Regained: R.E.M.’s Reckoning» i NME, 1984. Seint i 1983 starta bandet den fyrste Europa-turnéen sin. Medan Reckoning låg som nummer 27 på albumlistene i USA – ei uvanleg høg plassering for eit collegerock-band på den tida – gjorde lita speletid på radio og dårleg distribusjon utanfor USA til at plata ikkje kom høgare enn 91. plass i Storbritannia.Buckley, s. 115

mini|venstre|Michael Stipe (til venstre) og Peter Buck (til høgre) på scena i Ghent i Belgia, under R.E.M.-turnéen i 1985. Med det tredje albumet til bandet, Fables of the Reconstruction (1985), kom det fleire endringar. I staden for Dixon og Easter valde R.E.M. Joe Boyd til produsent for innspelinga som gjekk føre seg i England. Han hadde tidlegare arbeidd med mellom andre Fairport Convention og Nick Drake. Bandmedlemmene syntest øktene var uventa vanskelege, og var misnøgde grunna det kalde vintervêret og dårleg mat.Buckley, s. 131–32 I denne perioden var bandet på nippen til å løyse seg opp.Buckley, s. 135 Den dårlege stemninga under innspelingsøktene enda opp med å gje konteksten til albumet. Stipe byrja å lage tekstar med sørgotisk preg, og han sa i eit intervju i 1985 at han var inspirert av «heile idéen med dei gamle mennene som sit rundt bålet, medan dei fortel vidare … legender og fablar til barneborna».«[Stipe was inspired by] the whole idea of the old men sitting around the fire, passing on … legends and fables to the grandchildren.» – «Interview with R.E.M.» i Melody Maker, 15. juni 1985. Fables of the Reconstruction vart den mestseljande plata som var utgjeven i USA av I.R.S. til då. Men albumet gjorde det dårleg i Europa, og meldingane frå kritikarane var varierte, nokre meinte ho var kjedeleg og dårleg innspela.Buckley, s. 140 Som med dei tidlegare platene, vart også singlane frå Fables of the Reconstruction for det meste oversette av dei fleste radiostasjonane. På same tid byrja I.R.S. å verte frustrerte over bandet sin motvilje mot å oppnå vanleg suksess.Buckley, s. 159

Til det fjerde albumet fekk R.E.M. tak i John Mellencamp sin produsent, Don Gehman. Resultatet, Lifes Rich Pageant (1986), var meir tilgjengeleg for lyttarar utanom collegeradioane, og Stipe sin vokal var nærare framgrunnen i musikken. I eit intervju med Chicago Tribune frå 1986 fortalde Peter Buck at «Michael vert betre på det han driv med, og han vert sikrare på det. Og det synest eg ein høyrer på stemma hans.»«Michael is getting better at what he's doing, and he's getting more confident at it. And I think that shows up in the projection of his voice.» – Popson, Tom: «Onward and Upward and Please Yourself» i Chicago Tribune, 17. oktober 1986. Albumet hadde vesentleg betre salstal enn Fables of the Reconstruction, og enda til slutt på 21. plass på albumlista til Billboard. Singelen «Fall on Me» vart også spela på kommersiell radio.Buckley, s. 151 Albumet var det fyrste av albuma deira som sal til gull, ved 500 000 eksemplar.Fletcher, s. 142 Medan dei amerikanske collegeradio-stasjonane heldt fram med å vere den viktigaste støtta til R.E.M., kom bandet høgare og høgare opp på dei vanlege album- og singellistene. Likevel ville stasjonane som berre spelar topp 40-musikk framleis ikkje spele musikken deira.Buckley, s. 160 Etter suksessen med Lifes Rich Pageant, gav I.R.S. ut Dead Letter Office, ei samleplate med spor frå øktene med albuma, men mange av songane var også tidlegare berre utgjevne som b-sider eller ikkje i det heile. Kort tid etter sette I.R.S. saman alle musikkvideoane deira (utanom «Wolves, Lower») til den fyrste videoutgjevinga, Succumbs.

Gjennombrotet: 1987–1993