mini|Historisk kart over Memelland og dei nordlege delane av Aust-Preussen. mini|Det historiske flaget til Memelland frå 1919 til 1924 og de facto fram til 1939. mini|Memellands frimerker frå 1920 til 1925 Memelland (litauisk Klaipėdos kraštas, tysk Memelland eller Memelgebiet; fransk Territoire de Memel) var eit område definert av Versailles-traktaten i 1920 då det kom inn under Ambassadørrådet sin administrasjon. Memelland vart i lag med Saar og Danzig underlagt Folkeforbundet sin kontroll og folket i desse regionane kunne stemme for å bli verande ein del av Tyskland eller ikkje i ei folkeavstemming. Bortsett frå i Saar vart ikkje ei slik folkeavstemming halde.

Det opphavlege området til skaloviarane og kurarane vart erobra rundt 1252 av Den tyske riddarordenen, som bygde Memelburg og byen Memel (i dag Klaipėda). I 1422 vart det trekt ei grense mellom Preussen og Litauen under Melnotraktaten og denne grensa eksisterte fram til 1918.

Det då dominerande etnisk tyske Memelland (andre etniske grupper var prøyssiske litauarar og memellendingar) i området mellom elva og byen med dette namnet vart okkupert av Litauen i «Klaipėdaopprøret» i 1923, annektert av Nazi-Tyskland i 1939, annektert av Sovjetunionen i 1945 og ein del av Litauen SSR.. Etter kollapsen til Sovjetunionen i 1991 har det vore ein del av Litauen og Klaipėda og Tauragė fylke.

Tidslinje Tidslinje med kven som hadde kontroll over området før 1252 Kurarar og Skalovianarar 1252–1525 Den liviske ordenen og Klosterstaten til Den tyske riddarordenen 1525–1657 Hertugdømet Preussen, eit len i Den polsk-litauiske realunionen 1657–1701 Hertugdømet Preussen, ein del av Brandenburg-Preussen 1701–1871 Kongedømet Preussen 1871–1918 Kongedømet Preussen, ein del av Det tyske riket 1918–1920 Weimarrepublikken 1920–1923 Ambassadørrådet 1923–1939 Litauen1939-1945 Nazi-Tyskland1945-1990 Litauen SSR, del av Sovjetunionen1990-present Litauen

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Klaipėda Region» frå , den 26. januar 2008.

Bakgrunnsstoff

Joachim Tauber: Das Memelgebiet (1919-1944) in der deutschen und litauischen Historiographie nach 1945 Lokal bok om Memelland STATUT DU TERRITOIRE DE MEMEL Kart over språk i Aust-Preussen i 1900 (større)

Kategori:Litauisk geografi Kategori:Litauisk historie Kategori:Prøyssisk historie Kategori:Litlelitauen Kategori:Folkeforbundet Kategori:Historiske område i Tyskland