Dobra Voda er eit fjell i Nord-Makedonia nær byen Kičevo. Det er det høgaste fjellet i Tseloitsa-fjella med ei høgd på 2 062 meter over havet. På grunn av tektoniske rørsler stig framleis toppen og omgjevnadene, og dette er årsaka til at det er moderat jordskjelvsaktivitet i området.

Frå toppen kan ein sjå fleire omliggande byar som Gostivar, Kičevo, Tetovo og nærliggjande landsbyar. Hovudkjelda til elva Treska ligg i dette området.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Dobra Voda» frå , den 31. januar 2008.

Kategori:Fjell i Nord-Makedonia