Pčinja (serbisk Пчиња) eller Ptsjinja (makedonsk Пчиња) er ei 128 km lang elv i Serbia og Nord-Makedonia og ei av sideelvane til Vardar frå venstre.
Serbia Pčinja spring ut frå fleire småelvar på vestsida av fjellet Dukat. Ved Trgovište mottar ho Lesnička reka (Лесничка река). Regionen som elva renn gjennom er det området i Serbia som der folketalet fell raskast og er det minst økonomisk utvikla området i landet. Etter at Pčinja renn forbi Široka planina og landsbyen Šajintse snur ho sørover og inn i den smale dalen mellom fjella Rujen og Kozjak. Etter 45 km kryssar Pčinja grensa til Nord-Makedonia.
Nord-Makedonia Dei siste 83 km renn elva sakte sørvestover. Ho renn mellom anna gjennom Katlanovo. Ho renn på vestsida av fjellet Gradištanska og munnar så ut i Vardar halvvegs mellom byane Skopje og Veles.
Kjenneteikn Pčinja høyrer til Egearhavet sitt nedslagsfelt, og drenerer eit område som dekkjer 3 140 km², der 1 247 km² ligg i Serbia og 1 893 km² i Nord-Makedonia. Ved munningen har ho ei middelvassføring på 14 m³/s og ho er ikkje framkommeleg for elvefart.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Pčinja» frå , den 1. februar 2008. oppgav desse kjeldene: Mala Prosvetina Enciklopedija, Tredje utgåve (1985); Prosveta; ISBN 86-07-00001-2 Jovan Đ. Marković (1990): Enciklopedijski geografski leksikon Jugoslavije; Svjetlost-Sarajevo; ISBN 86-01-02651-6
Kategori:Elvar i Nord-Makedonia Kategori:Elvar i Serbia