James Craig Watson () var ein kanadisk-amerikansk astronom fødd i landsbyen Fingal i Ontario. Familien hans flytta til Ann Arbor i Michigan i 1850.
Då han var 15 år gamal vart han teke opp ved Universitetet i Michigan, der han studerte klassiske språk. Seinare fekk han lektyrar i astronomi av professor Franz Brünnow.
Han var den andre direktøren på Detroit-observatoriet (frå 1863 til 1879), og tok over etter Franz Brünnow. Han skreiv tekstboka Theoretical Astronomy i 1868.
Han oppdaga 22 asteroidar. Oppdagingane hans starta med 79 Eurynome i 1863. Ein av hans asteroideoppdagingar, 139 Juewa, vart gjort frå Beijing der Watson var for å observera venuspassasjen i 1874. Namnet Juewa vart vald av kinesiske embetsmenn Pīnyīn (瑞華, i moderne pīnyīn, ruìhuá).
Han var sterk i trua på at planeten Vulkan eksisterte, ein hypotetisk planet med ein bane nærare Sola enn den til Merkur som ein no veit at ikkje eksisterer (det finst likevel framleis ein liten sjanse for at vulkanoide-asteroidande ekisterer). Han meinte han hadde sett to slike planetar under ei solformørking i juli 1878 frå Wyoming.
Han døydde av bukhinnebetennelse ved ein alder på 42. Han hadde fått tak i ein større sum pengar gjennom ikkje-astronomiske aktivitetar. Desse pengane gjekk etter hans død til James Craig Watson-medaljen, ein medalje som vert delt ut kvart tredje år av National Academy of Sciences for bidrag til astronomien.
Asteroiden 729 Watsonia vart namnsett til minne om han.
+ Dei 22 asteroidane James Craig Watson oppdaga 79 Eurynome 14. september 1863 93 Minerva 24. august 1867 94 Aurora 6. september 1867 100 Hekate 11. juli 1868 101 Helena 15. august 1868 103 Hera 7. september 1868 104 Klymene 13. september 1868 105 Artemis 16. september 1868 106 Dione 10. oktober 1868 115 Thyra 6. august 1871 119 Althaea 3. april 1872 121 Hermione 12. mai 1872 128 Nemesis 25. november 1872 132 Aethra 13. juni 1873 133 Cyrene 16. august 1873 139 Juewa 10. oktober 1874 150 Nuwa 18. oktober 1875 161 Athor 19. april 1876 168 Sibylla 28. september 1876 174 Phaedra 2. september 1877 175 Andromache 1. oktober 1877 179 Klytaemnestra 11. november 1877
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «James Craig Watson» frå , den 2. februar 2008.
Bakgrunnsstoff
Ein kort biografi i Dictionary of Canadian Biography Online Richard Baum og William Sheehan (1997). In Search of Planet Vulcan, The Ghost in Newton's Clockwork Machine ISBN 0-306-45567-6
Kategori:Amerikanske astronomar Kategori:Canadiske astronomar Kategori:Døde av bukhinnebetennelse