Kumanovo (makedonsk Куманово, albansk Kumanovë) er ein by og ein kommune i regionen Aust i Nord-Makedonia. Byen er den nest største byen i Nord-Makedonia etter Skopje, og kommunen Kumanovo er den nest største i landet etter Skopje. Den noverande kommunen vart oppretta i 2004 ved at ein slo saman dei to tidlegare kommunane Kumanovo og Orasjats, samstundes med at sju landsbyar vart overførde frå den tidlegare kommunen Kletsjevtse.

Kommunen har eit areal på 509,48 km². I 2021 hadde kommunen 98 104 innbyggjarar, medan sjølve byen hadde 75 051 innbyggjarar.

Kumanovo ligg nordaust i landet, ikkje langt frå hovudstaden Skopje. Byen ligg i ei høgd på 340 meter over havet og er omgjeve av fjella Skopska Crna Gora i vest Gradisjtanska planina i sør og Mangovitsa i aust.

Historie Området har vore busett sidan førhistorisk tid, men sjølve byen vart først nemnd i 1519 då byen var ein del av Det osmanske riket

Kumanovo vart ein urban busetnad og eit administrativt senter i regionen på slutten av 1500-talet eller byrjinga av 1600-talet. Etter fleire turbulente periodar stagnerte byen i ein periode.

Ein stor opprørsleiar kalla Karpoš vart fødd i landsbyen Vojnik nær Kumanovo. Han var opphavleg ein vasall under tyrkarane, men då Det osmanske riket byrja å verte svekt i 1689 og misnøya auka på grunn av dei harde skattane, vart Karpoš eit vendepunkt i slaget mot tyrkarane. I denne perioden gjekk Austerrike til åtak på Det osmanske riket og Karpoš utnytta situasjonen og opprøret spreidde seg og byane Kratovo, Kriva Palanka, Kumanovo, Kaçanik og andre vart sette fri. I lag med den austerrikske hæren, leia av keisar Leopold I, kjempa dei for å setje fri Skopje og Sjtip. Etter kvart endra den politiske og militære situasjonen seg på Balkan og austerrikarane måtte trekke seg tilbake. Osmanarane slo så ned opprøret, Karpoš vart fanga, flytta til Skopje og avretta ved steinbrua over Vardar.

Byen utvikla seg økonomisk seint på 1800-talet, men den industrielle utviklinga byrja først etter den andre verdskrigen.

Busetnader i kommunen Dei største busetnadene i kommunen var: Busetnad Folketal 2002Folketeljing 2002, detaljerte resultat Folketal 2021 Kumanovo 70 842 75 051 1 Karposj 5 433 – 1 Tsjerkezi 3 741 3 137 Romanovtse 2 794 2 566 Lopate 2 448 2 063 1 655 1 889 1 231 1 423 Proevtse 2 311 1 311 1 298 1 187 1 136 1 015 Bedinje 2 327 898 Karposj innrekna i Kumanovo i 2021

Bakgrunnsstoff Kumanovo på faq.macedonia.org Kumanovo jazzfestival

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Kumanovo» frå , den 2. februar 2008.

Referansar

Kategori:Byar i Nord-Makedonia Kategori:Kommunar i Nord-Makedonia Kategori:Busetnader i Statistisk region Nordaust