Republikken Kina, kinesisk Zhōnghuá Mínguó, i dag oftast omtalt som Taiwan, er ein stat som omfattar øya Taiwan i Stillehavet og nokre mindre øyar, blant dei Pescadorerna, Jinmen og Mazu. Republikken Kina gjer også krav på det kinesiske fastlandet, som sidan 1949 har vore kontrollert av Folkerepublikken Kina. Om lag 22 millionar innbyggjarar bur på Taiwan som er kontrollert av Republikken Kina.

Den provisoriske hovudstaden til Republikken Kina er Taipei, og regjeringa har hatt sete her sidan 1949. Offisielt vert byen Nanjing på fastlandet, som no er ein del av Folkerepublikken Kina, rekna som hovudstaden.

Republikken Kina vart grunnlagd etter at keisardømet fall i 1911. Nasjonalistregeringa Guomindang kontrollerte det meste av Kina fram til 1949. Etter ein langvarig krig fekk dei kinesiske kommunistane kontrollen over det meste av Kina. Guomindang-regjeringa under leiing av Jiang Jieshi flykta då til øya Taiwan. Republikken Kina gjer krav på å representere heile Kina, og styret der var internasjonalt godkjent som lovleg representant for Kina heilt fram til 1971, då republikken mista Kina sin plass i SN til fordel for Folkerepublikken Kina.

Korkje regimet i Beijing på fastlandet eller Guomindang-partiet på Taiwan godtek at Taiwan er ein eigen stat, og begge gjer krav på å representere heile Kina. Andre taiwanesarar vil heller at Taiwan skal vere eit sjølvstendig Taiwan, men ikkje gjere krav på å representere heile Kina, slik namnet «Republikken Kina» framleis er eit tydeleg signal om.

mini|260px|left|Kart over Republikken Kina

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Republikken Kina Kategori:Land i Asia Kategori:Aust-Asia Kategori:Øystatar Kategori:Republikkar Kategori:Ikkje-anerkjende statar Kategori:Kina