Košice er ein by aust i Slovakia. Han ligg ved elva Hornád aust i Dei slovakiske malmfjella, nær grensa til Ungarn. Med om lag 235 000 innbyggjarar er han den nest største byen i landet etter Bratislava.

Byen er eit økonomi- og kultursenter aust i Slovakia og sete for Košice kraj og Košice sjølvstyrte region, det slovakiske forfatningsdomstolen, tre universitet, forskjellige sokn og andre institusjonar. Byen har eit godt bevart historisk senter med den største gotiske katedralen i Slovakia. Košice fekk byvåpenet sitt i 1369, og er dermed ein av dei første busetnadane i Europa som fekk sitt eige byvåpen.

Historie Ein har funne spor etter menneske her tilbake til eldre steinalder. Dei første skriftlege kjeldene som viser til Košice er først frå 1230, då han vart kalla Villa Cassa. Etter mongolinvasjonen i 1241, inviterte kong Béla IV av Ungarn tyske kolonistar til å busetje området på ny: Nedre og Øvre Košice vart slått saman på 1200-talet. Dei første byrettane fekk Košicei 1290. Byen voks raskt på grunn av den strategiske plasseringa ved den internasjonale handelsruta til Polen. Han fekk privilegium av kongen for å utvikle handverket, handelen og den generelle utviklinga av byen. Det eldste laug-reglementet vart registrert i 1307. I 1321 vart Košice ein fri kongeleg by etter han styrkte troppane til kongen då det stod på som verst i det blodige slaget ved Rozgony mot Amadé-familien. I 1347 vart Košice den nest viktigast byen av dei frie kongelege byane i Kongedømet Ungarn etter hovudstaden Buda. Som den første byen i Europa fekk Košice sitt eige byvåpen i 1369 frå Ludvig I av Ungarn. Riksdagen som Ludvig I kalla saman til i Košice avgjorde at kvinner kunne få arve den ungarske trona. Sidan starten av 1400-talet hadde byen ei førande rolle i Pentapolitana – eit byforbund av dei fem viktigaste byane nord i kongedømet, Bardejov, Levoča, Košice, Prešov og Sabinov.

Historia til Košice vart dei neste hundreåra påverka av forskjellige dynasti som stridast om den ungarske trona. Władysław III av Polen klarte ikkje å erobre byen i 1441. Leigesoldatane til Johann Giskra frå Böhmen slo den ungarske armeen til Tamás Székely i 1449. Albert, fyrsten av Polen, klarte heller ikkje å erobre byen under ei seks månader lang omleiring i 1491. I 1526 gav byen seg over til Ferdinand I av Det tysk-romerske riket. János Szapolyai erobra byen i 1536 men Ferdinand I tok han attende i 1551. I 1604 okkuperte Stephen Bocskay Košice under opprøret hans mot Habsburgmonarkiet. Giorgio Basta, kommandanten til dei habsburgske styrkane, klarte ikkje å ta byen, men Ferdinand I tok han til slutt i 1606. Stephen Bocskay døydde i Košice den 29. desember 1606. 5. september 1619 erobra Gabriel Bethlen Košice i eit anna antihabsburgsk opprør. Košice var staden der han gifta seg med Katalin Brandenburgi. Den 18. januar 1644 valde Riksdagen i Košice George I Rákóczi som fyrste av Ungarn. I 1657 vart det grunnlagd eit prenteverk og eit gymnasium av jesuittar i byen. Byen vart omleira av kurutsar fleire gonger i 1670-åra og byen gjorde opprør mot den habsburgske keisaren. Opprørsleiarane vart massakrert av soldatane til keisaren den 26. november 1677. Ei moderne femkanta festning vart bygd av habsburgarane sør for byen i 1670. Ei annan opprørsleiar, Imre Thököly, erobra byen i 1682, men den austerrikske feltmarskalken Aeneas de Caprara tok han tilbake 25. oktober 1685. Festninga var øydelagd i 1713.

På 1600-talet var byen i røynda hovudstad i Øvre Ungarn (i 1563–1686 som sete for «Kapteinskapet Øvre Ungarn» og i 1567–1848 som sete for Szepes grevskap (Spiš, Zips). Byen var residens for biskopen av Eger frå 1596 til 1700. Sidan 1657 var han òg sete for det historiske Kassa universitet, som vart forfremma til eit kongeleg akademi i 1777. Det vart omgjort til eit Lågakademi på 1800-talet, og vart lagt ned i 1921. Mot slutten av dei anti-habsburgske opprøra tidleg på 1700-talet dreiv dei austerrikske armeane dei osmanske styrkane tilbake sørover og dei store endringane i landområda skapte nye handelsruter som no gjekk utanom Košice. Byen kom i forfall og gjekk frå å vere ein rik mellomalderby til ein provinsby som hovudsakleg var avhengig av jordbruk. I 1723 vart statuen Immaculata reist der galgen tidlegare stod på Hlavná ulica (Hovudgata) til minne om pesten som råka byen 1710–1711. Bymurane vart øydelagd steg for steg frå seint på 1700-talet til 1856, og berre Skarpretterbastionen stod att med nokre små delar av muren. Byen vart sete for eit eige bispedøme i 1802. Områda kring byen vart åstad for krigshandlingar under revolusjonane i 1848 då den austerrikske general Franz Schlik slo den ungarske armeen her den 8. desember 1848 og 4. januar 1849. Byen vart erobra av den ungarske armeen den 15. februar 1849, men russiske troppar dreiv dei tilbake 25. juni same året. mini|venstre|Košice rundt 1900 På byrjinga av 1800-talet var det tre fabrikkar og 460 verkstader i byen. I 1840-åra vart det grunnlagd sukker- og spikerfabrikkar. Dei første telegrammeldingane nådde byen i 1856 og jernbanen knytte byen til Miskolc i Ungarn i 1860. I 1873 var der alt samband til Prešov, Žilina og Tsjop (i dagens Ukraina). Byen fekk eit offentleg transporsystem i 1891 då hestar drog trikkevogner rundt om i byen. Trikken vart elektrifisert i 1914.

Etter den første verdskrigen og Austerrike-Ungarn vart byen ein del av Den austslovakiske republikken, som vart erklært i Košice den 11. desember 1918, og tidlegare i Prešov under vern frå Ungarn. 29. desember 1918 gjekk den tsjekkoslovakiske legionen inn i byen og gjorde han ein del av det nye Tsjekkoslovakia. I juni 1919 vart Košice okkupert igjen, som ein del av Den slovkiske sovjetrepublikken, ein was occupied again, as part of the Slovak Soviet Republic, a proletarisk vasallstat under Ungarn. Tsjekkoslovakiske troppar sikra byen for Tsjekkoslovakia i juli 1919, og dette vart stadfesta med Trianon-traktaten i 1920.

Košice vart gjeven til Ungarn under den første Wien-prisen i 1938, og han var ein del av Ungarn fram til tidleg i 1945. Byen vart bombardert 26. juni 1941, noko som førte til at dei ungarske styresmaktene erklærte krig mot Sovjetunionen dagen etter. Den tyske okkupasjonen av Ungarn førte til at alle dei 12 000 jødane i Košice, og ytterlegare 2000 frå omliggande område, vart deporterte i kvegvogner til konsentrasjonsleirar. Byen vart erobra av sovjetarane i januar 1945, og ei kort stund var han hovudstad i det gjenoppretta Tsjekkoslovakia, fram til den raude armeen nådde Praha.

Etter Kommunistpartiet tok over makta i Tsjekkoslovakia i februar 1948, vart byen ein del av Austblokka. Fleire av dagens kulturinstitusjonar vart grunnlagd og store bustadområde vart bygt rundt byen. Det austslovakiske jernverket førte til at folketalet auka raskt frå om lag 60 000 i 1960 til 235 000 i 1991. Før Tsjekkoslovakia vart delt var han den femte største byen i landet. Etter fløyelsrevolusjonen og opprettinga av Slovakia, vart Košice den nest største byen i landet.

Administrativ inndeling mini|Bydelane i Košice fordelt på dei fire distrikta Administrativt er Košice delt inn i fire distrikt (slovakisk okres, fleirtal okresy) på linje med distrikta i resten av landet. Kvart av distrikta i byen omfattar fleire bydelar. Dei fire bydistrikta saman med dei sju landdistrikt utgjer regionen Košice kraj.

Her er eit oversyn over bydistrikta og bydelane:

Košice I Džungľa Kavečany Sever Sídlisko Ťahanovce Staré Mesto Ťahanovce

Košice II Lorinčík Luník IX Myslava Pereš Poľov Šaca Sídlisko KVP Západ

Košice III Dargovských hrdinov Nová Ves

Košice IV Barca Juh Krásna Nad jazerom Šebastovce Vyšné Opátske

Innbyggjarar

Folketalet i dei siste folketeljingane, fordelt på distrikt og bydelar:

Bydelane i dei siste folketeljingane: Folketal 2001 Folketal 2011 Folketal 2021 Kavečany 1 010 1 180 1 346 Ťahanovce 1 797 2 406 2 238 Sever 20 309 20 368 19 123 Staré Mesto 22 171 20 592 20 133 Sídlisko Ťahanovce 22 522 23 250 20 863 Džungľa 453 671 750 Košice I okres 68 262 68 467 64 453 Lorinčík 361 441 883 Pereš 990 1 553 2 079 Myslava 1 616 1 997 2 545 Západ 40 870 40 599 37 738 Šaca 4 767 5 612 5 722 Poľov 1 072 1 107 1 192 Sídlisko KVP 25 933 25 335 22 241 Luník IX 4 241 6 032 7 037 Košice II okres 79 850 82 676 79 437 Dargovských hrdinov 28 486 27 477 25 234 Nová Ves 2 259 2 571 2 901 Košice III okres 30 745 30 048 28 135 Barca 3 054 3 361 3 692 Šebastovce 584 663 770 Krásna 3 452 4 420 5 895 Nad jazerom 25 132 25 702 22 686 Juh 23 561 23 467 21 339 Vyšné Opátske 1 453 1 629 2 633 Košice IV okres 57 236 59 242 57 015 Košice by 236 093 240 433 229 040

Galleri

Merknader

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Košice» frå , den 9. april 2009. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Košice kraj