4. mars er den 63. dagen i den gregorianske kalenderen (64. i skotår). Det er 302 dagar att av året.
Merkedag mini|Bibelen som Abraham Lincoln og Barack Obama brukte då dei avla presidenteid.
Nasjonaldagar og nasjonale flaggdagar Dette er vanlegvis dagen då presidentar blir tekne i eid i USA.
Fast religiøs helgedag
Minnedag for heilage Kasimir i den katolske kyrkja
Namnedag
Hendingar
Utlandet 1351: Ramathibodi blei konge av Siam (Thailand). 1386: Władysław II Jagiełło (Jogaila) blei krona til konge av Polen. 1461: Dei engelske Rosekrigane. Kong Henrik VI frå Huset Lancaster blei avsett av fetteren sin, Edvard IV av Huset York. 1493: Kristoffer Columbus kom tilbake til Lisboa i Portugal etter si første reise til Den nye verda. 1519: Hernan Cortes gjekk i land i Mexico leitande etter Aztekarrikete og rikdommen deira. 1665: Den andre engelsk-nederlandske krigen tok til. 1790: Dei fleste departementa i Frankrike vart oppretta. 1861: Asteroiden 64 Angelina vart oppdaga. 2000: PlayStation 2 vart først lansert i Japan.
Noreg 1920: Noreg blei med i Folkeforbundet. 1941: Operasjon Claymore under andre verdskrigen. Britiske kommandosoldatar raida Lofoten og øydela sildeoljefabrikkar og trankokeri. 213 tyske soldater, tolv norske nazistar og 314 frivillige til dei norske utestyrkene blei tekne med tilbake til England. 1941: Hurtigruteskipet D/S «Mira» blei søkkt ved Brettesnes i Lofoten. Sju menneske døydde.
Fødde mini|Jan Garbarek i 2007
1394: Henrik Sjøfararen, portugisisk oppdagar 1678: Antonio Vivaldi, italiensk komponist og fiolinist 1760: Gabriel Schanche Kielland, norsk forretningsmann og konsul 1888: Knute Rockne, norsk-amerikansk utøvar og trenar i amerikansk fotball 1895: Bjarne Brustad, norsk komponist og bratsjist 1900: Axel Coldevin, norsk forfattar, historikar og professor 1947: Jan Garbarek, norsk saksofonist 1965: Khaled Hosseini, afghansk-amerikansk forfattar og lege 1969: Arild Undheim, norsk volleyballspelar og -trenar 1988: Espen Børufsen, norsk fotballspelar
Døde mini|upright|Nikolaj Gogol i 1847
1805: Jean-Baptiste Greuze, fransk målar 1832: Jean-François Champollion, fransk egyptolog 1852: Nikolaj Gogol, russisk forfattar 1895: Knud Knudsen, norsk lærar og språkforskar 1904: Mauritz Aarflot, norsk gardbrukar, redaktør og stortingsmann 1916: Franz Marc, tysk målar 1963: William Carlos Williams, USA-amerikansk diktar 1977: Nancy Tyson Burbidge, australsk botanikar 1985: Sverre Strandli, fridrettsutøvar 2000: Kyi Kyi Htay, burmesisk skodespelar 2009: Triztán Vindtorn, norsk diktar 2011: Alenush Terian, iransk fysikar og astronom
Bakgrunnsstoff