Ungheni er ein by og ein mindre bykommune (oraș) innanfor distriktet Ungheni i Moldova med om lag 30 000 innbyggjarar. I 2016 fekk Ungheni status som municipiu, men utan å bli rekna på distriktsnivå.
Ungheni vart først nemnd i skriftlege kjelder i 1462.
Brua over Prut er ein grenseovergang til Romania. Det er ein annan grenseby med same namn i Romania på andre sida av elva.
Folketal Kommunen har den eine busetnaden. For 2014 er det ikkje offentleggjort detaljerte resultat for busetnadene.
Folketal 2004 Folketal 2014 Ungheni 32 530 – Kommunen Ungheni 32 530 30 804
Kjelde
Denne artikkelen bygger på «Ungheni» frå , den 5. februar 2008.
Referansar
Kategori:Byar og tettstader i distriktet Ungheni Kategori:Mindre bykommunar i Moldova