mini|Umberto Eco (til høgre) For filmen med same namn basert på boka, sjå Filmen Rosens navn I 1984 kom den postmoderne romanen Il nome della rosa ut på bokmål under tittelen Rosens navn. Romanen er skriven av den italienske semiotikaren, filosofen og forfattaren Umberto Eco. Han kom ut på italiensk i 1980. I 1986 vart romanen filmatisert, med Sean Connery og Christian Slater i hovudrollene. I 1984 gav Eco ut ei essaysamling om Rosens navn, Postille a Il nome della rossa. Omsett til bokmål kom samlinga ut i 1988 som Randbemerkninger til Rosens navn.
Litterær teknikk og tema Rosens navn er eit eksempel på den litteraturteoretiske skolen kalla «lesarresponskritikk», som fokuserer på lesaren si tolking av teksten ut frå den erfaringa lesaren sit inne med. Ein seier at teksten er «open», dvs. fri til tolking, ikkje «lukka» i ei tolking gjeven av forfattaren. Eco understrekar dette i Randbemerkninger til Rosens navn: «Inga glede kan vere større for ein romanforfattar enn å oppdage at det han har skrive lèt seg lese på måtar han ikkje hadde tenkt seg, særleg når det er lesarane som set han på det.» Ein av hovudpersonane i boka, William frå Baskerville, seier det same: «Bøker blir ikkje skrivne for at ein skal tru på dei, men for at ein skal granske dei.»
Det er to forteljarstemmer i boka. I forordet påstår ein eg-person (det kan vere Umberto Eco sjølv) at han har funne eit mellomaldermanuskript skrive av ein munk Adso frå Melk. I resten av boka er det Adso som er forteljaren. Den merksame lesaren vil finne referansar til moderne personar og intertekstlege samband med nyare litteratur i forteljinga, og vil dermed «gjennomskode» teksten og soleis også forordet.
Nokre gonger snakkar Eco (via Adso) direkte til lesaren, til dømes fjerde dagen: «Men no fortapte eg meg i minne, tolmodige kjære lesar, dette har lita interesse, det er andre storhendingar som uroar oss», og gjer dermed inntrykk av at boka nærast er ein metaroman.
Handlinga i boka går føre seg ei veke i november 1327 i eit benediktinarkloster i Nord-Italia. Hovudtemaet er eit kriminalmysterium: ei rekkje av bebuarane i klosteret blir myrda under bisarre tilhøve. Samtidig er det fleire sidetema, som skildrar sosiale og teologiske forhold i denne perioden av mellomalderen. Fleire sidetema har referansar til vår tid. Ein av hovudpersonane, fransiskanaren William frå Baskerville, klarer til slutt å avsløre dei fleste samanhenger ved å bruke skolastiske og logiske metodar.
Boka er delt inn i hovudavsnitt for kvar av dei sju dagane, med underkapittel etter dei liturgiske tidebønnene (matutin, laudes, prim, ters, sext, non, vesper og kompletorium). Det kjem fram av ein kommentar andre dag (matutin) om ein spesiell måndagssalme, at første dag er ein søndag.
mini|Klosteret i Melk, der romanen fortel at Adso skreiv manuskriptet
Dei to fororda Rosens navn startar med to forord, eitt skrive av han som påstår å ha funne manuskriptet til Adso, det andre skal vere ein prolog av Adso sjølv. På denne måten byggjer forfattaren lag på lag av «fiktiv autentisitet» til historia.
Det første forordet er datert 5. januar 1980, same år som boka kom ut. Det er Eco som har skrive romanen, men i forordet gjev han ein illusjon av at den byggjer på eit originalt mellomaldermanuskript, gjeve ut i fransk omsetjing i Paris i 1842. Samtidig bryt han sjølv ned illusjonen med ei lite truverdig forklaring om vandringa i boka: Han skal tilfeldigvis ha kome over ei bok med fransk omsetjing og omarbeiding av forteljinga i Praha i 1968, som han straks omsette til italiensk og skreiv ned for hand. Dette viste seg å vere heldig, for boka kom bort med ein kjæraste kort tid etter. Seinare skal forfattaren ha funne tilvisingar til manuskriptet både i Paris og Buenos Aires, men begge gongane er det ting som ikkje stemmer med den opphavlege boka. Illusjonen vert ytterlegare broten ned med at forfattaren seier rett fram: «Slik kjende eg meg fri til berre å framføre forteljinga til Adso frå Melk, og eg gjorde det beint fram fordi eg synast godt om å fabulere.»
På denne måten leikar Eco med å plassere fleire forteljingar inne i kvarandre. I Randbemerkninger til Rosens navn skriv han: «Slik skreiv eg straks introduksjonen min, eg la inn historia mi som eit fjerde ledd, etter tre andre forteljingar, eg nemnde at Vallet hadde sagt at Mabillon hadde sagt at Adso sa...»
Vidare viser Eco lesaren at dette kan vere ei forteljing også om vår tid, ved dei ironiske setningane: «Ei fjern tid, heldigvis heilt utan kontakt med vår eiga. Ei underleg fjern tid, utan håpet og tryggleiken i vår eiga tid.» Det første forordet vert avslutta med ei hyllest av bokverda: «Overalt søkte eg ro, men fann det ikkje før eg sat i kroken med ei bok.»
I hovudteksten er Adso eg-forteljar, og i prologen hans vert det etablert eit no-tidspunkt der teksten vert skriven ned; der er han ein gamal og sjuk mann, som ser tilbake på det som skjedde i ungdommen. Prologen startar på ein snedig måte ved at Eco lèt teksten referere til seg sjølv, akkurat som i Evangeliet etter Johannes er første linje: «I byrjinga var...» Adso skildrar den historiske bakgrunnen for det som gjekk føre seg i klosteret. Han gjer klart tilkjenne eigne sympatiar (pave Johannes blir omtalt som ein Antikrist, på den andre sida stør Adso fransiskanarane og idéen om apostolisk fattigdom). Adso hamna midt i handlinga ved at faren var ein av keisar Ludvig sine menn og deltok i felttoget til Italia og tok Adso med. Under kringsetjinga av Pisa ville Adso sjå seg meir om i Toscana, dette fekk han lov til dersom han reiste saman med ein røynd vegleiar. Følgjesveinen som vart plukka ut var den lærde fransiskanaren William frå Baskerville.
Scenen for handlinga
Historisk bakgrunn Perioden Adso skildrar i krønika sin er svært uroleg. I Avignon sat den stridige Johannes XXII som andre paven under Avignon-pavedømmet (pavesetet var flytta frå Roma til Avignon i 1305). Paven var i opposisjon til keisar Ludvig IV av Bayern og ekskommuniserte han i 1324. Som ein reaksjon på dette invaderte Ludvig IV Italia i 1327 og sette i 1328 inn ein motpave i Roma (Nikolas V). Samtidig låg pavedømmet i skarp strid med den nye fransiskanarordenen om apostolisk fattigdom. Ordenen hadde på eit generalkapittel i Perugia i 1322 vedtatt at korkje Kristus eller apostlane hadde hatt eigedom, og at dei kristne måtte følgje dette eksempelet.
Paven fordømde denne tesen, av taktiske grunnar valde benediktinarane å stø fransiskanarane i striden. Ei retning innan fransiskanarordenen heldt strengt på fattigdomsidealet og vart kalla spiritualane, ei anna tilsvarande gruppe braut ut av ordenen og vart kalla fraticelli (småbrørne). Det oppstod også ei rekkje ytterleggåande sekter i opprør mot den katolske kyrkja sin materialisme og dei sosiale ulikskapane, Rosens navn fortel detaljert om ei av dei, leidd av broder Dolcino (dulcianerne).
Då Eco skreiv Rosens navn var Italia på tilsvarande måte prega av sosiale konfliktar, uro og valdDavid Richter i «The Mirrored World: Form and Ideology in Umberto Eco’s The Name of the Rose», sitert på novelguide.com er ein av fleire som drøfter dette resonnementet.. I Italia vert desse åra kalla for «blyåra» («anni di piombo») på grunn av all skytinga og bombinga. Dei raude brigadar på venstresida spreidde otte. I 1978 bortførte og drap dei den tidlegare italienske statsministeren Aldo Moro. Samtidig planla det ytre høgre statskupp og sprengte fleire terrorbomber, mellom anna vart 85 menneske drepne i terrorangrepet i Bologna 2. august 1980. Eco skreiv derfor om ein periode som likna på hans eigen, ei tid full av spenningar.
Eco si plassering av handlinga i tid og rom Eco fortel i Randbemerkninger til Rosens navn at han helst ville plassert handlinga på 1100- eller 1200-talet, ettersom det var denne perioden han kjente best. Han vart nøydd til å flytte henne til 1300-talet, fordi han hevdar at ein skarpsindig etterforskar ikkje kunne komme før etter Roger Bacon si tid. Han la handlinga til november 1327 sidan det er eit historisk faktum at Michele av Cesena kom til Avignon i desember same år.
For å følgje profetiane i apokalypsen ville han ha med ei tynne griseblod. Griser vart slakta først når det var blitt kaldt, for å få det til å passe med november måtte Eco plassere handlinga på ein høgtliggande stad i den nordlege delen av Italia.
Geografisk plassering av klosteret frame|Liguria, der klosteret mest sannsynleg er plassert Adso skriv sjølv at han prøver å skjule kor klosteret låg, på grunn av alt det forferdelege som skjedde. Likevel gjev han eit hint i prologen: «vi følgde fjellvegen frå Pisa, same veg og same retning som San Giacomo...». San Giacomo er det italienske namnet på Apostelen Jakob, og her refererer han til ein av pilegrimsvegane til Santiago de Compostela i Spania, der han etter tradisjonen skal vere gravlagt. Adso seier dei brukte to veker på reisa, likeins at det må ligge nær ein av pilegrimsvegane prøver forfattaren av forordet å foreta ei plassering («Om dette seier Adso ingenting, men etter det som er ymta om, kan ein rekne med...»). Først plasserer han staden svært upresist «mellom Pomposa og Conques». Pomposa er eit benediktinarkloster utanfor Ferrara aust i Nord-Italia, medan Conques er ein stoppestad for pilegrimar på veg til Santiago, midt i Sør-Frankrike. Dernest prøver han å presisere, ved å seie at det ligg «i Apenninane mellom Piemonte, Liguria og Frankrike», dette dekkjer store delar av det nordvestlege hjørnet av Italia. Til sist gjev han den mest presise lokaliseringa: «så og seie mellom Lerici og Turbia.» Lerici er ein kystby heilt sør i Liguria, medan Turbia er det italienske namnet på franske La Turbie, på den franske rivieraen tvers over grensa frå Italia. Framleis dreier det seg om eit område på over 200 kilometer i utstrekning. Stadnamna Eco bruker refererer til eit sitat frå Dantes Den guddommelege komedie: «Dei av stupa mellom Lerici og Turbia som er mest utilgjengelege, kan samanliknast med komfortable trapper i forhold» (skjærselden III,49-51). På Dante si tid, som òg er tida for handlinga i Rosens navn, var dei ulendte liguriske fjella på denne strekninga nesten uframkommelege. Severino seier noko som plasserer klosteret i sørhellinga av Apenninane ned mot Middelhavet (første dagen, før non): «...platået vårt her i høgda langs ryggen av ei kjede som ser havet på den eine sida, derfrå kjem det varm vind, i nord har vi høge fjell som gjev oss frisk og kjølig luft.» Dette stemmer med det Adso skriv fjerde dagen: «Den morgonen vi kom kunne vi frå einskilde punkt på dei høgste stadene skimte havet, kanskje hundre kilometer borte.» Ubertino stadfester plasseringa når han tredje dagen, etter kompletorium seier: «i bispedømmet Novara, det er i denne delen av Italia, berre litt lengre mot nord.»
Kolossen Klosteret ligg på ein høg åskam og er dominert av eit gammalt og svært tårn, den såkalla Kolossen. Livet i klosteret dreier seg om Kolossen, sidan det største biblioteket i den kristne verda fyller den øvste etasjen, opp dit har berre bibliotekaren Malachia tilkomst. I andre etasje ligg scriptoriet, der mange av munkane skriv av og illustrerer bøker som er tatt ned. I første etasjen ligg kjøkkenet og refektoriet. Om natta er Kolossen låst for tilkome utanfrå, likevel ser munkane flakkande lys frå biblioteketasjen om natta.
Personar i handlinga