Zubački kabao (kyrillisk skrift Зубачки кабао) er det høgaste fjellet i fjellkjeda Orjen i Dei dinariske Alpane i Montenegro, ei fjellkjede nord i landet.

Frå Zubački kabao har ein flott utsyn over Dei dinariske Alpane, Kotorbukta, kysten av Adriahavet og innover i landet heilt til Durmitor. I søraust kan ein sjå Shkodërsjøen og fjella i Albania.

Området er eit av dei aller våtaste i Europa og i 1936 fall det over 8 000 mm nedbør på eit heilt år. På fjellet ligg det spreidde område med furu.

Galleri

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Zubački kabao» frå , den 6. februar 2008.

Kategori:Fjell i Montenegro