mini|Ei tidvassandbanke mellom øyane Waya og Wayasewa på Yasawaøyane på Fiji

Ein sandbanke er ein banke er ei samling av sand og eventuelt mudder eller grus i sjø, i ein innsjø eller i ei elv. Sandbankar er ofte lange og smale og oppstår der straumar eller havstraumar legg i frå seg avleiringar som lokalt dannar ei grunne i vatnet. Stundom kan sandbankar etter kvart lage innsjøar, der berre sandbanken ligg mellom innsjøen og havet.

Ein sandbanke kan vere alt frå eit par meter lang i ei lita elv til fleire hundre kilometer langs kystlinjer, då ofte kalla ei barriereøy.

For skipsfart utgjer sandbankar den same faren som rev og andre grunner og skip og båtar må derfor unngå dei.

Sjå òg Barriereøy Elveøy

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Shoal» frå , den 10. februar 2008. oppgav desse kjeldene: Bascom, W. 1980. Waves and Beaches. Anchor Press/Doubleday, Garden City, New York. s. 366

Kategori:Fysisk oseanografi Kategori:Kystgeografi Kategori:Hydrologi

Kategori:Fluviale landformer