Vlieland (frisisk Flylân) er ein kommune og ei øy nord i Nederland. Kommunen har berre ein stor by, Oost-Vlieland (vestfrisisk East-Flylân). Han er den nest minste kommunen i Nederland etter Schiermonnikoog.
Vlieland er ei av Dei vestfrisiske øyane og ligg i Vadehavet. Ho ligg mellom Texel og Terschelling. Vlieland er kalla opp etter Vlie.
Størstedelen av landskapet på øya består av sanddyner, men det er nokre skogområde og små enger òg. Ein stor del av øya, den vestlege delen, består hovudsakleg av sand og øya vert derfor stundom kalla «Sahara i norden».
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Vlieland» frå , den 11. februar 2008.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Dei frisiske øyane Kategori:Kommunar i Friesland Kategori:Øyar i Nederland