139 Juewa er ein veldig stor og mørk asteroide i hovudbeltet. Han er sannsynlegvis samansett av karbonhaldig materiale. Han er den første asteroiden oppdaga frå Kina og blei sett i frå Beijing av den amerikanske astronomen James Craig Watson den 10. oktober 1874. Watson var for tida i Kina for å observera venuspassasjen. Watson spurde vertskapet kva asterodien skulle heita og fekk til svar 瑞華, som i moderne pinyin blir til ruìhuá, men som blei skrive Juewa i tråd med stavekonvensjonane på den tida. Det fulle kinesiske namnet til asteroiden var 瑞華星, som tyder 'Kinas lykkestjerne'. Tre gongar har Juewa blitt observert medan han okkulterte stjerner.

Juewa Juewa Juewa Juewa