mini|Typisk termodynamisk system - varme flyttar seg frå varmt (kjele) til kaldt (kondensator) (ingen av dei er vist her) og arbeid vert trekt ut, i dette tilfelle ei rekkje stempel. Termodynamikk eller varmelære (frå gresk θερμη, therme, «varme»Oxford American Dictionary og δυναμις, dynamis, «kraft») er ei grein innan fysikk som studerer effekten av endringar innan temperatur, trykk og volum på eit fysisk system på makroskopisk skala ved å analysere den samla rørsla til partiklane i systemet ved hjelp av statistikk. Her tyder varme om lag «energi i rørsle» og dynamikk viser til sjølve «rørsla». Altså er termodynamikk i praksis studiet av energirørsler og korleis energi kjem i rørsle. Historisk utvikla termodynamikken seg ut frå eit behov for å auke effektiviteten til tidlege dampmaskinar. Utgangspunktet for dei fleste termodynamiske problemstillingane er dei termodynamiske lovene, som postulerar at energi kan bytast om mellom fysiske system som varme eller mekanisk arbeid.. Dei postulerer òg at det finst ein storleik kalla entropi, som er definert for alle typar system. I termodynamikk vert vekselverknaden mellom store system studert og kategorisert. Sentralt i dette er konsept som termodynamisk system og omgjevnadar. Eit system består av partiklar og den gjennomsnittlege rørsla til desse partiklane avgjer kva eigenskapar dei har, som igjen relaterer til kvarandre gjennom tilstandslikninga. Eigenskapar kan kombinerast for å uttrykke indre energi og termodynamisk potensial, som er nyttig for å avgjere tilhøva for dynamisk likevekt og spontane prosessar.
Med desse reiskapane kan termodynamikken skildre korleis system reagerer på endringar i omgjevnadene sine. Dette kan nyttast i mange forskjellige tema innan vitskap og ingeniørkunst, som motorar, faseendringar, kjemiske reaksjonar, transportfenomen og sjølv svarte hol. Resultat i termodynamikken er essensielle i andre felt av fysikk og i kjemi, kjemiteknikk, romfartsteknikk, maskinteknikk, cellebiologi, biomedioteknikk, meteorologi og teoretisk materiallære for å nemne nokre få.
Sjå òg
Atmosfærisk termodynamikk Biologisk termodynamikk Termodynamikk i svarte hol Kjemisk termodynamikk Klassisk termodynamikk Likevektstermodynamikk
Ikkjelikevektstermodynamikk Fenomenologisk termodynamikk Psykrometri Kvantetermodynamikk Statistisk termodynamikk Termoøkonomi
Anna
Varmemåling Debye-Hückel-likninga Væskedynamikk Legendretransformasjon Onsager sine resiproke forhold Faselikevekt
Statistisk mekanikk Varmeanalyse Termodynamiske likningar Termodynamiske eigenskapar Termodynamisk prosess Termodynamisk syklus
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Thermodynamics» frå , den 18. februar 2008.
Fotnotar
Kategori:Atmosfærisk termodynamikk Kategori:Grunnleggjande fysikk