Kåre Hedley Ingebrigtsen () er ein norsk fotballtrenar og tidlegare fotballspelar. Han var tidlegare hovudtrenar i Rosenborg Ballklub.

Spelarkarriere Han spelte i ei årrekke for Rosenborg, og spelte også for Lillestrøm, Strømsgodset og Manchester City. Han blei cupmeister med Rosenborg i 1988, 1990 og 1992 og vart seriemeister med klubben i 1988, 1990 og 1992. Kåre Ingebrigtsen spelte i tillegg 23 kampar på A-landslaget og scora 1 mål. Han la opp i 1997 etter eit beinbrot.

Trenarkarriere Kåre Ingebrigtsen var i 2007-sesongen trenar for 2. divisjonsklubben Ranheim som enda på tredjeplass i avdeling 2. Ved sesongslutt i 2. divisjon vart han henta inn som assistentrenar i Rosenborg for resten av tippeligasesongen, under Trond Henriksen, etter at Knut Tørum gjekk av som hovudtrenar. 1. november 2007 blei han tilsett som hovudtrenar i tippeligaklubben Bodø/Glimt.

Kategori:Norske fotballtrenarar Kategori:Norske fotballspelarar Kategori:Rosenborg-spelarar Kategori:Lillestrøm-spelarar Kategori:Strømsgodset-spelarar Kategori:Manchester City-spelarar Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball