At noko vert absorbert vil seia at noko vert soge opp eller går inn i eit anna stoff eller ein annan lekam.
Ordet absorpsjon har ulike tydingar, ut frå kva for eit naturvitskapleg fagfelt ein snakkar om: Akustisk absorpsjon vil seia at lydbølgjer vert fanga opp. Elektromagnetisk absorpsjon vil seia at energien til eit foton vert teke opp av eit anna objekt. Absorpsjon innan farmakologi vil seia at eit stoff, til dømes eit legemiddel, vert teke opp i ein organisme. Kjemisk absorpsjon vil seia at molekyl av eit stoff vert trekt inn i ein bulkfase.