Magnhild Bruheim (), fødd og oppvaksen i Skjåk og busett på Lillehammer, er ein norsk skjønn- og faglitterær forfattar og frilansjournalist. Ho er utdanna cand.philol. med hovudfag i nordisk ved Universitetet i Oslo i 1982, og har tilleggsutdanning som journalist. Ho debuterte som forfattar i 1997, og har tidlegare vore radio- og TV-journalist i NRK Oppland. Somme av bøkene hennar er omsette til tysk. Ho var leiar av Norsk Målungdom 1978–79.

Bruheim har mellom anna skrive kriminalromanar som er lagde til eit bygdemiljø i perioden frå 1960 til 2000, og vert rekna som ein av dei fremste representantane for sjangeren «bygdekrim». Ho har òg skrive romanar for ungdom, ein oppvekstroman, ein historisk roman, ei matbok og ei bok om gamle slagerar.

Bøker ÅrTittelMerknad2024Stjernefalletkriminalroman2019Avlyst på grunn av sorgungdomsroman2016Bjørnemysterietbarneroman2015Hyttemysterietbarneroman2014Motorsykkelmysterierbarneroman2013Det som er santungdomsroman 2011 Blod på hendene ungdomsroman 2010 Det som ein gong var roman 2010 På flukt ungdomsroman 2008 Nattskrik kriminalroman 2007 Venneringen ungdomsroman 2005 Trolldomskraft roman 2004 Matminne frå Gudbrandsdalen sakprosa (medf.) 2003 Ny melding ungdomsroman 2002 Dragsug kriminalroman 2001 Svart arv kriminalroman 2000 Lykkeland: Minne frå slagerbøkene sakprosa (medf.) 2000 Utan englevakt kriminalroman 1999 Maskerade kriminalroman 1997 Varselet kriminalroman

Referansar

Bakgrunnsstoff Magnhild Bruheims eiga forfattarside på internett

Kategori:Norske romanforfattarar Kategori:Norske kriminalforfattarar Kategori:Norske ungdomsbokforfattarar Kategori:Nynorskforfattarar Kategori:Folk frå Skjåk Kategori:Forfattarar frå Oppland Kategori:Leiarar av Norsk Målungdom