Om bygda med same namnet, sjå Tafjord
mini|Ytre del av Tafjorden med den breie Norddalsfjorden i bakgrunnen. Tafjorden er ein fjordarm av Norddalsfjorden og Storfjorden i Fjord kommune på Sunnmøre. Han har ei lengd på 8 km og strekkjer seg frå Oksneset ved Fjørå og inn til bygda Tafjord. Ved Okseneset er fjorden på det djupaste med 220 m.
I gammal tid var namnet «Todarfjorden» og det omfatta også Norddalsfjorden om lag frå Skrenakken og inn.Kleiva, Ivar (1975):Grunn og gror. Norddal bygdebøker, III. Valldal: Norddal kommune.
Historie Då Olav II av Noreg flykta inn Storfjorden frå Knut den mektige, segla han og mennene hans inn i Tafjorden. Frå her reiste dei nordover opp Valldal til botnen av Isfjorden og opp Romsdalen via Lesja på veg til eksil i Russland.
I 1934 vart raste ein del av bergsida i Tafjorden ut i fjorden og skapte ein lokal tsunami som tok livet av 47 menneske i fjorden.
Sjå òg Tafjord-ulukka
Kjelder Delar av denne artikkelen bygger på «Tafjord» frå , den 6. mars 2008.
Fotnotar
Kategori:Fjordar på Sunnmøre Kategori:Geografi i Fjord