Naja Marie Aidt () er ein dansk forfattar. Ho vart fødd i Aasiaat på Grønland og voks opp dels på Grønland og dels på Vesterbro i København. Aidt debuterte i 1991 med diktsamlinga Så længe jeg er ung.

Naja Marie Aidt er tildeld fleire prisar, mellom anna Nordisk råds litteraturpris 2008 for novellesamlinga Bavian. Komitéen sa i grunngjevinga for tildelinga at gjennom heile boka går ein straum som på same tid er både yndefull lett og illevarslande dyster og at Aidt har innteke ein framståande plass i sin generasjon av danske forfattarar. For Bavian fekk ho òg den danske Kritikerprisen for 2006. Aidt har Statens Kunstfonds hædersydelse.

Bøkene til Aidt er ikkje omsette til norsk, men nokre av dei er komne i italiensk, svensk og tysk utgåve.

Verkliste 1991 – Så længe jeg er ung – diktsamling 1992 – Et vanskeligt møde – diktsamling 1993 – Vandmærket – novellesamling 1994 – Det tredje landskab – diktsamlng 1995 – Tilgang – novellesamling 1996 – Huset overfor – diktsamling 1996 – Ubrydeligt – høyrespel 1998 – Blæs på Odysseus – korsongar 1998 – Tjenende ånder – høyrespel 1999 – Rejse for en fremmed – diktsamling 2000 – Den lille Havfrue – operalibretto 2000 – Siska – skodespel 2000 – Tilbage til byen – manus til kortfilm for barn 2002 – Balladen om Bianca – lyrikk, kortprosa og ei barneforteling 2002 – Begyndelsen til en historie/Så börjar en historia – diktsamling 2004 – Rundt på gulvet – skodespel 2005 – Strings – manuskript til spelefilm 2005 – Zakarias og alle de andre – barnebok 2006 – Bavian – novellesamling 2006 – Hvor er Villy? – barnebok 2006 – Tag og kys det hele fra os saman med Viggo Madsen – dikt 2006 – Åsted – skodespel 2008 – Poesibog, Gyldendal 2009 – Alting Blinker, Gyldendal – diktsamling 2012 – Sten saks papir, Gyldendal – roman 2014 – Frit flet, med Mette Moestrup og Line Knutzon 2016 – OMINA, med Mette Moestrup - dikt 2017 – Har døden taget noget fra dig så giv det tilbage. Carls bog

Prisar og utmerkingar 1993: Gyldendals Boglegat 1996: Herman Bangs mindelegat 1996: Martin Andersen Nexø Fondens Pris 2004: Beatriceprisen 2006: Den danske Kritikerprisen 2008: Nordisk Råds litteraturpris 2011: Søren Gyldendal-prisen 2014: Aarestrup medaljen 2017: Weekendavisens litteraturpris 2020: Det Danske Akademis Store Pris 2022: Svenska Akademiens nordiske pris.

Kjelder

Oppføring for Naja Marie Aidt på litteratursiden.dk Oppføringa for Naja Marie Aidt på litteraturpriser.dk Nettstaden til Nordisk Råd: «Naja Marie Aidt - vinnare av Nordiska rådets litteraturpris år 2008» Tildelinga av Beatriceprisen frå Det Danske Akademi

Denne artikkelen byggjer på «Naja Marie Aidt» henta frå Wikipedia på dansk 29. februar 2008.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Danske diktarar Kategori:Danske novelleforfattarar Kategori:Danske dramatikarar Kategori:Grønlandske forfattarar Kategori:Vinnarar av Nordisk råds litteraturpris Kategori:Statens Kunstfonds hædersydelse