Hellandsfjorden er ein 3 km lang fjord på vestsida av Fitjar på øya Stord, sør vest for Fitjar sentrum.

Fjorden har innløp frå Hjelmosen i sør og går hovudsakleg nordover. Det meste av fjorden ligg mellom halvøya Kråko i vest og Storavatnet i aust. Frå Storavatnet renn den vassrike Kjærelva ut i fjorden. Ved Hellandsstraumen er fjorden berre om lag 20 meter brei. Opphavleg var sundet enno trongare og hadde sterk straum, men i 1890 vart innløpet utvida slik at småbåtar kunne passere og gå inn til mølla som låg i Kjærelva.

Fotnotar

Kategori:Fjordar i Vestland Kategori:Geografi i Fitjar