Moskva oblast er ein provins i Russland og eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Administrasjonssenteret er i byen Moskva, sjølv om byen ikkje sjølv er ein del av provinsen Moskva oblast. Arealet er 45 800 km² og innbyggjartalet er 7 708 499 (2021).

Demografi Det finst mange byar med over 100 000 ibuarar i Moskva oblast. Dei største er Balasjikha (215 500 ibuarar), Khimki (207 400), Podolsk (188 000 ibuarar), Koroljov (183 400) Mytisjtsji (173 200), Ljubertsy (172 500) og Elektrostal (155 200).Vserossijskaja perepis naselenija 2010 - Folketeljinga i Russland 2010

Som sentrum for eit multietnisk imperium i fleire hundre år har Moskva-regionen tiltrekt seg innflyttarar frå heile den tidlegare Sovjetunionen. Ved folketeljinga i 2010 var det tolv folkegrupper som det fanst fleire enn 10 000 av i Moskva oblast. Det store fleirtalet, 87,4 % av folkesetnaden, var likevel etniske russarar. Den største minoritetsgruppa var ukrainarar, som utgjorde 1,7 % av folket. Ingen andre folkegrupper utgjorde meir enn 1 % av folketalet.

Merknader

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Russiske føderasjonssubjekt