mini|Austråttborga ved Trondheimsfjorden er ein gamal norsk herregard. Austrått (tidlegare skrive Østråt, Østeraat og Austråt), er ei borg og ein historisk herregard i Ørland kommune ved utløpet av Trondheimsfjorden i Fosen i Sør-Trøndelag fylke. Austrått har vore kjent som sete for fleire sentrale personar i norsk historie sidan 1000-talet.
Borganlegget slik det står i dag blir tilskrive rikskanslar Ove Bjelke, som skal ha sluttført anlegget kring 1656. Borga brann ned i 1916. Atteroppbygginga begynte i 1920-åra og var ferdig i 1961. Borga var tidlegare ein del av ein større jordeigedom, men jorda er no fråskilt. Staten eig sjølve borga med Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum i Trondheim som forvaltingsorgan. Borga er open for omvisingar frå juni til august.
mini|Borgporten med våpenskjolda til eigarane i kleberstein. Namnet Austrått kjem truleg av norrønt austr og átt, som skal tyde austleg himmeleign eller austerut.Oluf Rygh: Norske Gaardnavne, b. 14, s. 53.
Historie Skeggi Asbjarnarson (Jarnskeggi, død 997), er den første som er nemnt i samband med Austrått. Skeggi vart drepen av Olav Tryggvason, og Snorri Sturluson fortel at Jarnskeggi vart gravlagt i Skjegghaugen på Austrått, utan at vi kan vita sikkert kva for ein haug det er snakk om.
Austrått er ein av dei eldste kjende stormannsgardane i Noreg. På 1000-talet budde lendmann Finn Arnesson her. Han var måge med kongane Olav II Haraldsson av Noreg («Olav digre», «Heilag-Olav») og Harald Hardråde. Finn vart uvener med kong Harald då broren Kalv fall i kongens teneste. I tida etter Finn vart ikkje Austrått nemnt att i historiske kjelder på 80 år. Truleg var garden krongods i denne tida. Frå 1130 var Kåre Sakseson, kjent som Kåre kongsbror, herre på Austrått. Han vart etterfølgt av sonen Sigurd Kåresson og sonesonen Jon Sigurdsson. Det var truleg Jon som bygde kapellet. Dottera hans Jon, Baugeid, var den neste eigaren. Ho var gift med Åsulv Eiriksson, som var hertug Skule sin banemann.
Rømer / Bjelke mini|Loggiaen, der godsets herre poserte som Guds og Kongens representant. Vi veit lite om eigedomsforholda til Austråttgodset på 1200- og 1300-talet. På 1400-talet kom herregarden inn i Rømerætta, truleg med Otte Rømer (ca. 1330–ca. 1411) som den første eigaren i ætta. Riksråd Jep Fastulvsson stod som eigar frå kring 1400 til 1428. Enkja hans, Elsebe Ottesdatter Rømer,Terje Sørensen: Elsebe Rømer arva godset etter Jep i 1428 og sat med det til kring 1444. Truleg var det gjennom Elsebe sin familie at Jep Fastulvsson først fekk godset i hende. Jep og Elsebe sin son Narve JepssonTerje Sørensen: Narve Jacobsen eigde herregarden i fire år før han døydde. Bror hans, Mads, gjorde krav på Austrått etter han, men eigedommen kom etter kvart i hendene på enkja Philippa Borkvardsdotter Krummedike og så dottera Gjertrud Narvesdotter.Terje Sørensen: Gjertud Narvesdatter Gjertud budde aldri på Austrått sjølv. Ho gifta seg kring 1462 med den svenske riddaren Magnus Green og selde Austrått til stefar sin, Henrik Jensson, Philippa sin nye mann.
mini|venstre|Henrik Ibsen sitt skodespel Fru Inger til Østeraad har gjort Austrått og den kvinnelege eigaren kjent. Men stykket er ei fri dramatisering med lite dekning i historiske kjensgjerningar. Etter at Henrik Jensson døydde ein gong mellom 1472 og 1478 var det Otte Madsson Rømer, syskenbarn med Gjertrud, som i 1478/1481 tok tilbake garden på odelsrett. Otte sjølv er lite skildra, men dottera, svigersonen og dotterdøtrene er godt kjende for ettertida: Riksråd og rikshovmeister Niels Henrikssøn («Gyldenløve») (ca. 1458–1523) og kona hans, Ingerd Ottisdotter («Fru Inger til Austrått») (ca. 1470–1555) eigde garden ca 1500–1552. Fru Ingerd var ein av dei mest markante personane i Noreg i reformasjonstida. Niels var son av den tidlegare eigaren Henrik Jensson. Gjennom ekteskapet hans med Ingerd vart det slege strek over ein arvefeide mellom to familiegreiner.
Det er truleg at delar av borga slik ho står i dag vart bygde på Niels og Ingerd si tid,Bratberg/Andersen: «Det hadde vært forbudt for adelen å befeste sine gårder siden slutten av 1300-talet, men kong Hans ga i sin håndfesting av 1483 adelen rett til å bygge faste hus.» truleg var det i denne tida at opphaldsromma og venstre halvdelen av hovudbygningen vart oppført. Ingerd levde anonymt fram til mannen hennar døydde i 1523, men som enkje stod ho fram både som aktiv godseigar og som politisk aktør. Både historikarar og dramatikarar har festa seg ved maktspelet mellom fru Ingerd og erkebiskop Olav Engelbrektsson. Biskopen hadde plyndra Austrått tre gonger og medverka at to av svigersønene til Ingerd vart drepne. Men fru Ingerd var ikkje nokon helgen sjølv: Ho fór aggressivt fram i fleire tvilsame arvesaker.Halvard Bjørkvik skriv i Norsk biografisk leksikon at «ho var godsrik og hadde sans for økonomi og godsdrift, men kunne nytte ufine middel for å nå sine mål»; han nemner tre større rettssaker som ho tapte..
Enkjefru Ingerd overførte i 1552 Austråttgodset til dottera Lucie Nilsdatter og svigersonen Jens Tillufssøn Bjelke. Ingerd og Lucie drukna i 1555 under ei båtreise på Sunnmøre. Jens døydde i 1559, og sonen Aage Bjelke (1552–1603) tok over Austrått i ein alder av sju år. Formyndaren hans var Henrik Nielsson, son av morfaren Niels frå eit tidlegare ekteskap. Aage drukna i Bjugnfjorden, og enkja hans sat med Austrått i seks år før ho overdrog det til sonen, rikskanslar Jens Bjelke (1580–1659). Bjelke hadde embete som kansler frå 1614, som lensherre til Bergenshus frå 1633, i Stavanger frå 1641, og seinare på Elingård. I Åge Bjelke og Jens Bjelke si tid hadde godset gode inntekter av det rike sildefisket på Trøndelagskysten på 1600-talet.
mini|venstre|Ove Bjelke (1611–1674) var gift tre gonger: først med Maren Juel (død 1643), så i 1647 med Regitze Gedde (1629–1657), og tredje gongen i 1660 med Hedvig Lindenow (1635–1678). Våpenskjolda til alle fire går att på Austrått, mest dei tre første. Ove Bjelke (1611–1674), som forpakta Austrått frå 1641, tok over både Austrått og rikskanslarembetet då faren Jens døydde i 1659. Som lensherre til Bakke kloster kunne Ove opphalde seg jamleg på Austrått og styre utviklinga der. Vi trur at herregarden slik han står i dag er resultat av innsatsen hans. Det er ikkje tvil om at borggarden, fløybygningane, borgporten og utforminga av hovudtrappa kan knytast til han. Ove Bjelke var utdanna i Padova i Italia, og både sentraltårnet og søylegangane har truleg forbilde der.Astrid Dahlsveen. «På sporet etter Ove Bjelke i Italia», i Årbok for Fosen, 2000, s. 137-140 Samtidig er sentralaksen frå loggiaen eit klårt uttrykk for einevaldstida sitt verdsbilde, med kanslaren som representant for Kongen, og dermed òg Gud.
Ingen av dei tre døtrene til Ove Bjelke tok over Austrått. Garden gjekk til Ove sin brorson Christoffer Bjelke, son av admiral Henrik Bjelke. Christoffer eigde Austrått frå 1674 til 1686, men var knapt nokon gong der og selde godset vidare til syskenbarnet sitt, Christian Frederik von Marschalck (ca. 1650–1719). Marschalck, som var rikskanslar som onkelen sin, Ove Bjelke, førte Austrått til konkurs. Han reiste frå Austrått til Danmark i 1698 og overlét godset til kreditorane i 1699. Hovudkreditorane var Den norske krigshospitalkasse og andre offentlege finansapparat. Med det var Austrått ikkje lenger eit adelsgods, og garden mista privilegia som setegard.
Holtermann mini|Teikning av Gerhard Schøning, ca. 1774 Abraham Dreyer (1671–1736) var lagmann i Trondheim, berghauptmann og ein aktiv investor. Han kjøpte Austrått i 1721, etter at godset hadde vorte drive av futen i Fosen for kreditorane i tjue år. Dreyer budde aldri der, men finansierte ei oppussing. I 1736 selde han Austrått vidare til sorenskrivar og kanselliråd Søren Dass, som busette seg på herregarden. Dass er bisett i gravkapellet. Enkja hans selde i 1760 til kommerseråd Hans Holtermann (1709–1781),Terje Sørensen: Hans Holtermann noko som innleidde 103 (113) års eigarskap frå Holtermannslekta. Den første Holtermann selde frå godset eigedomar i Stjørna. Han var truleg den som fekk sett opp dagens gambreltak på borga til erstatning for det tidlegare saltaket. Han overdrog garden til sonen Eiler Hagerup Holtermann (1748–1800).Terje Sørensen: Eiler Holtermann Under både Eiler og sonen Ove Bjelke Holtermann (1782-1857)Terje Sørensen: Ove Bjelke Holtermann. Ove Bjelke Holtermann er òg far til arkitekten P.H. Holtermann vart fleire leiglendingsbruk selde frå godset.
Kring 1770/1790 importerte Eiler Hornemann kveg frå Irland og Nederland.Ola Syrstad: «Framande ferasar i Fosen på 1800-talet» i Årbok for Fosen, 2007 Dette vart grunnlaget for ein eigen rase kjent som austråttfe, og som gjennom lån av avlsoksar var dominerande i fealet på Ørlandet og i dei nærmaste nabobygdene frå 1806 til 1902.På eit møte i 1902 vart det vedteke å utvikle ayrshireblandingane i Trøndelag til ein eigen rase kalla raudt trønderfe, og austråttfeet gjekk opp i denne nye rasen; ref. Syrstad ibid. Karakteristisk for Austråttfeet slik det vart framale av Ove Bjelke Holtermann var djupraud kroppsfarge og kvitt hovud.
Presten Eiler Hagerup Holtermann (1811–1872)Terje Sørensen: Eiler H Holtermann tok over etter far sin i 1857, men budde sjølv lite på Austrått, hovudsakleg på grunn av prestestillingane. Eiler Holtermann selde unna Gjølga, ein større skogeigedom i Bjugn før han selde Austrått til Anders Gravrok i 1863.Namnet finst òg skrive som Anders Eliassen Gravraak; jfr. Terje Sørensen: Anders Gravraak Gravrok sat med Austrått i seks år før han gjekk konkurs. Eiler H. Holtermann var den einaste som baud på garden, og i 1871 vart han eigar av Austrått att. Han døydde i 1872. Enkja hans, Anna Andrine Holtermann rakk å selje unna Tarva før Austrått vart selt til godsforvaltaren hennar, oppdalingen Ole Rise (1835–1899)Terje Sørensen: Ole Rise i 1873.
Bønder og finansfolk mini|Borga med pyramiden i forgrunnen. Etter at Rise hadde eigd Austrått i ni år, vart garden kjøpt ut av den neste eigaren, Johannes Heftye (1849–1907). Rise busette seg i Stjørdalen, heimbygda til kona si, der han kjøpte Ree gård. Han eigde òg Sundnes brenneri på Inderøya ei tid. Rise sin innsats på Austrått er omstridd.Andersen/Bratberg skriv: «Rise ... har fått et dårlig ettermæle som en mann som utarmet eiendommen og kun var interessert i å vri mest mulig penger ut av den»; medan lokalhistorikaren Terje Sørensen skriv: «Ole Rise drev jorda godt, satte i stand driftbygningene og bygde et tilbygg til fjøset. Det ble kalt ‘Risefjøset’. Han fikk premie for godt fjøsstell i 1875, og ble premiert på utstillinger for buskap og meieriprodukter.» Det var meieridrift på Austrått, truleg frå 1858, fram til meieriet brann ned for andre gong i 1879.
Johannes Heftye eigde Austrått frå 1882 til han døydde i 1907. Han kom frå ein rik kristianiafamilie og var son av Thomas Johannessen Heftye. Johannes Heftye budde sjølv på Austrått og arbeidde aktivt for å gjenskapa eit herregards- eller borgpreg både inne og utvendig. Heftye var «eksentrisk» etter lokale mål og kom i konflikt med ørlendingane. Ein strid om bruk av vegrett førte til at Heftye fyrte av eit skot og ved eit uhell drap ein mann den 26. desember 1899.