Gimsøystraumen bru (Gimsøybrua) er ei fritt frambygg-bru som kryssar Gimsøystraumen mellom Austvågøya og Gimsøya i Nordland. Brua er 839 meter lang og har eit hovudspenn på 148 meter og seglingshøgde 30 meter. Brua har 9 spenn. Ho vart opna i 1981 og er ein del av europaveg 10. Saman med Sundklakkstraumen bru (opna 1976) erstatta ho ferjestrekninga mellom Lyngvær på Austvågøya, Smorten på Vestvågøya og Sundklakk på Gimsøya. Ferjesambandet hadde vore i drift sidan 1955.

Kjelder

Denne artikkelen byggjer på «Gimsøystraumen bru» henta frå 9. mars 2008.

Kategori:Europaveg 10 Kategori:Vegbruer i Nordland Kategori:Vegar i Vågan Kategori:Fritt frambygg-bruer Kategori:Bruer opna i 1981 Kategori:1981 i Noreg