Mørrifjorden er ein fjordarm av Åfjorden i Åfjord kommune i Trøndelag. Fjorden strekkjer seg 2,5 km sørover til garden Møri, som fjorden er kalla opp etter. Midt i fjorden ligg Mørriholmen.
Fjorden har innløp mellom Askerholmen i nord, nesten heilt inst i Åfjorden. Arnvika ligg på austsida av fjorden.
Riksveg 715 går på austsida av fjorden, medan fylkesveg 6326 går langs delar av vestsida.
Kategori:Fjordar i Åfjord