Norddalsbrua er ei jarnbanebru av stål over Norddalen austom Narvik i Nordland. Brua på Ofotbanen vart teken i bruk då Ofotbanen vart opna i 1902, og var i bruk fram til 1988, da jarnbanen vart lagd om i Norddalen. Brua er 180 meter lang. Største høgde over dalbotnen er 40 meter.

Brua vart konstruert i Tyskland og frakta i delar til Norddalen. Der vart ho montert på berre fire og ein halv månad. Brua vart bygd fordi Forsvaret kravde at det skulle byggjast minst ei større bru på banen, som skulle kunna sprengjast om landet vart invadert av fiendtlege styrkar. Då tyskarane invaderte Noreg i 1940, prøvde dei norske styrkane å sprengje brua den 14. april, men brua fekk berre mindre skader, og tyskarane reparerte henne i løpet av relativt kort tid.

Seinare vart Norddalsbrua forsterka til å tole 25 tonns akseltrykk, og ho vart reparert etter ei avsporing i 1975. Då det vart snakk om å skifte ut brua grunna av alderen, vart det i staden avgjord å leggje om jarnbanen. Banen vart bygd eit stykke vidare opp Norddalen, med ei mykje mindre bru lenger oppe i dalen. Den nye traséen vart opna i 1988. historiskt.nu Norddalsbrua er likevel teken vare på.

Ein modell av Norddalsbrua står på Ofoten Museum.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Norddalsbrua» frå , den 9. mars 2008. Bokmålsartikkelen oppgjev desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff MJwiki: Norddalsbrua på Ofoten Museum

Kategori:Jarnbanebruer i Noreg Kategori:Jarnbanestrekningar i Nordland Kategori:Bruer i Nordland Kategori:Byggverk i Narvik Kategori:Samferdsle i Narvik Kategori:Historie i Narvik Kategori:Ofotbanen Kategori:Bruer opna i 1902 Kategori:Nedleggingar i 1988 Kategori:1902 i Noreg Kategori:Kulturminne i Noreg frå andre verdskrigen