Melsteinfjorden er ein fjord i kommunane Sømna og Bindal i Nordland. Fjorden strekkjer seg 13 km nordaustover frå holmen Melsteinen vest for innløpet til Bindalsfjorden og til Lyngværet på austsida av fjorden i nord.

I aust grensar fjorden til Helgelandsflesa, Gimlinga og Kvaløya. I vest grensar han til Gamflesa og Horuvan. Vest for desse ligg Gimsafjorden.

Kategori:Fjordar i Bindal Kategori:Fjordar i Sømna