Kolbjørn Hauge () var ein norsk forfattar fødd på Kyrkjøy i Finnøy kommune i Rogaland.
Bakgrunn Hauge voks opp på Kyrkjøy, ei av Sjaernarøyane i Ryfylke. Han busette seg seinare i Stavanger. Gjennom livet arbeidde han som stein- og jordarbeidar, gardsgut, gartnar, fiskar, vegarbeidar, kontorist, sjømann og lærar. Han var utdanna adjunkt, med fire år på Stord lærarhøgskule i 1951 og vidareutdanning i gymnastikk, forming, historie, spesialpedagogikk og pedagogisk rettleiing. Han underviste i alle ledd i folkeskulen og på lærarhøgskule.
Forfattar Hauge slo gjennom som skjønnlitterær forfattar i 1993 med kriminalromanen Heit juice, som same år sigra i ei konkurranse om beste kriminalroman. Hauge skreiv fagbøker, barnebøker og prisløna klassiske krimromanar frå vestnorsk bygdemiljø.
Hauge skreiv mykje på nynorsk. Forfattaren Alfred Hauge var ein eldre bror.
Bibliografi Fagprosa Bedre timer– Fagbok i pedagogikk (1986) Fra protest til parti – Politisk historie (1987) Stor norsk rimordbok – Ordbok (1990) Ryfylke - heimstad for gråstein og lengsel (red.) – Dokumentar (1998) Grøne øyer, blå fjord – Dokumentar (2001) Historia om korleis lydane fekk bokstavar – Fagbok (2001)
Skjønnlitteratur Onsdagsranaren – Barnebok (1991) Kofferten – Kriminalroman (1991) Heit juice – Kriminalroman (1993) Død mann i boks – Kriminalroman (1995) Nei men, Sofus! – Barnebok (1996) Til jord skal du bli – Kriminalroman (1997) Hitlers labyrint – Barnebok (1998) Over mitt lik – Kriminalroman (1999) Nord og ned – Kriminalroman (2003) To perfekte mord og andre kriminelle historier – Noveller (2004)
Prisar Aschehougs konkurranse om beste norske spenningsroman 1993, for Heit juice Sunnmørsprisen 1993, for Heit juice Rivertonprisen 1995, for Død mann i boks
Kjelder
Oversyn ved Bergen offentlige bibliotek
Bakgrunnsstoff
Melding om dødsfallet i Stavanger Aftenblad
Kategori:Nynorskforfattarar Kategori:Norske forfattarar Kategori:Norske kriminalforfattarar Kategori:Folk frå Finnøy Kategori:Vinnarar av Rivertonprisen