Stifjorden eller Stigfjorden er ein fjord i Dønna kommune i Nordland. Fjorden ligg mellom øyane Dønna i vest og Tomma i aust og strekkjer seg 13 km søraustover til dei ytre områda av Ranfjorden.

Fjorden har innløp mellom Nordøyneset på Dønna i vest og Kervan på Tomma i aust. I sør går fjorden mellom øyane Løkta i vest og Hugla i aust. Mellom Løkta og Dønna går Skipfjorden sørover.

Fv186 går langs vestsida av fjorden på Dønna, mellom anna gjennom Dønnes.

Ved det nordlege innløpet grenser han til Tomfjorden i nordaust, Nordåsværfjorden i nord og Søråsværfjorden i vest.

Kategori:Fjordar i Dønna