mini|Adrian Sutil fotografert under testar for Force India i januar 2008 Force India er eit indisk Formel 1-lag oppretta i 2007 av den indiske forretningsmannen Vijay Mallya saman med nederlendaren Michiel Mol. Saman kjøpte dei Spyker F1-stallen for 88 millionar euro.
Bakgrunn Sjølv om laget vart oppretta i 2007, kan røtene sporast tilbake til 1991, då forretningsmannen Eddie Jordan oppretta Jordan Grand Prix. Det britiske laget vart kjøpt av Midlandgruppa i 2005 og gjekk sesongen 2006 som Midland F1 før laget vart kjøpt opp av nederlandske Spyker Cars N.V. ved slutten av sesongen. Det like kortliva Spyker F1 fekk konkurrere ein sesong, før laget igjen vart seld. 24. oktober 2007 kunngjorde FIA namnebytet til Force India.
2008-sesongen Bilane som Force India nytta i denne sesongen var modifiserte Spyker F8 chassis som går under det nye namnet Force India VJM01. Stallen nytta motorar frå Ferrari i ei avtale som gjekk fram til 2010. . Force India hadde kontrakt med Adrian Sutil frå den gamle Spyker F1-stallen og Giancarlo Fisichella som kom frå Renault F1.
Referansar
Bakgrunnsstoff
Force India F1 Offisiell heimeside
Kategori:Formel 1-konstruktørar