Rørvik kyrkje var ei langkyrkje frå 1896 i Vikna (frå 2020 i Nærøysund kommune) i Trøndelag fylke. Kyrkja låg i tettstaden Rørvik. Bygget var i tre og hadde sitjeplassar til 200 personar.

Kyrkja vart totalskadd i ein brann 18. februar 2012, men altartavla og kyrkjesølvet vart berga.«Anser kirkebygget som tapt» Nettavisen, 19. februar 2012

Ei ny kyrkje vart innvigd 22. desember 2019.

Fotnotar

Kjelder

Bakgrunnsstoff Om Vikna sokn på nettstaden til Den norske kyrkja vikna.kirken.no: «Rørvik kirke» Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen «Kirkebøker, Nord-Trøndelag» på nettstaden til Arkivverket

Kategori:Kyrkjer i Nærøysund Kategori:Norske kyrkjer frå 1896 Kategori:Ole Scheistrøen Kategori:Kulturminne i Nærøysund Kategori:Tidlegare kyrkjer i Noreg Kategori:2012 i Noreg