Husfjorden (samisk Iibmavuotna) er ein fjord på Sørøya i Hammerfest kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 4,5 km nordvestover til Polldalen i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Husfjordnes i nord og Slåtten i sør. Inst i fjorden ligg dei to vågane Pollen i vest og Nordbotn i nord. Fjorden er 108 meter på det djupaste mellom Sommarsetneset på sørsida og Storholmen like utanfor Pollen i vest.

Det er ingen busetnader ved fjorden.

Kategori:Fjordar i Hammerfest