Trollfjorden er ein fjord på nordsida av Rolvsøya i Måsøy kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 1,5 km sørover til Bukta i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Trollfjordneset i vest og Flåskjæret i aust. Dei einaste busetjingane ligg inst i fjorden. Her ligg gardane Bukta og Perstrand. Fjorden er 22 meter djup på det djupaste, heilt ytst i fjorden. Trollsundet, mellom Rolvsøya og Ingøya på nordsida, ligg utanfor Trollfjorden.

Kategori:Fjordar i Måsøy