Holmengråfjorden (nordsamisk Ruksesvuotna) er ein fjordarm av Varangerfjorden i Sør-Varanger kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 5 km vestover til Innerhamna i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Trifanneset i nord og Luččabavtnjárga i sør. Aust for Luččabavtnjárga går Jarfjorden sørover.Holmengråfjorden på Norgeskart.no frå Statens kartverk Det er ingen faste busetnader ved fjorden.

Ved Ytterhamna nord i Holmengråfjorden er det funne ein godt bevart labyrint og andre teikn på busetjing frå år 1000–1600 som truleg er av samisk opphav. Eit nyare kulturminne er laksefiskeværet Holmengrå frå slutten av 1800-talet bygd av kvenar frå Bugøynes.

Sjå også Holmengråneset

Kjelder

Bakgrunnsstoff Holmengrå-labyrinten ved bealljecohkka.no

Kategori:Fjordar i Sør-Varanger