Gurskøya er ei øy i Herøy og Sande kommune i Møre og Romsdal. Arealet er 136,9 km². Den sørlege og vestlege halvdelen av øya høyrer til Sande, medan den nordlege og austlege halvdelen høyrer til Herøy.
Hallefjorden og Rovdefjorden ligg på sørsida av øya. I nord ligg Herøya, Nerlandsøya og Herøyfjorden, medan Hareidlandet ligg i aust. I vest ligg Sandsøya.
Det går bru over Dragsund mot Hareidlandet. Herøybrua er samband nordover til resten av Herøy kommune.
Fylkesveg 654 går frå Dragsundbrua, via Dragsund og Tjørvåg til Herøybrua. Fylkesveg 61 går saman med fylkesveg 654 eit par km frå Dragsundbrua, og tar så av og går over øya, via Leikong og Gursken til Larsnes og ferjestaden Årvik. Rett før Herøybrua, ved Raftenes tar Fylkesveg 10 i Møre og Romsdal av og går på nord- og vestsida av øya via Moltustranda og Gjerdsvika til kryss med fylkesveg 61 i Gursken.
Tettstadane Larsnes i Sande kommune (521 innbyggjarar 1.1.2009) og Moltustranda (358) og Tjørvåg (350) i Herøy kommune er dei største bygdene på Gurskøya. Gjerdsvika og Gursken i Sande, og Leikong, Moltustranda og Dragsund/Myrvåg i Herøy er dei andre største bygdene på øya.
Det ligg tre kyrkjer på Gurskøya: Leikanger kyrkje og Indre Herøy kyrkje i Herøy kommune, og Gursken kyrkje i Sande kommune.
Øya har vore delt mellom Sande og Herøy kommunar sidan 1867. Frå 1905 til 1964 høyrde dessutan ein del av øya til Rovde kommune.
Folketalsutvikling: 1801Folketeljing 1801 for Herøy prestegjeld, frå Digitalarkivet 1900Folketeljing 1900 for Herøy herred, frå DigitalarkivetFolketeljing 1900 for Sande herred, frå Digitalarkivet 2000Befolkning, etter grunnkrets, statistikkvariabel og år, frå Statistisk sentralbyrå 2024 779 2400 4381 4500
Merknadar
Kjelder
Kategori:Øyar i Herøy i Møre og Romsdal Kategori:Øyar i Sande i Møre og Romsdal