Sakha, tidlegare Jakutia, er ein republikk i Russland og det største av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen i areal. Hovudstaden er Jakutsk, arealet er 3 083 523 km² og innbyggjartalet 981 971 (2021).
Folkesetnad Den einaste større byen er Jakutsk med 269 600 ibuarar."Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010
Det største folkeslaget i Sakha er urfolket jakutarane, eit tyrkisk folkeslag. Ved folketeljinga i 2010 var den etniske samansetjinga: Jakutarar: 48,7 % Russarar: 36,9 % Evenkar: 2,2 % Ukrainarar: 2,1 % Evenar: 1,6 % Mindre urfolksgrupper utgjer dolganarar (1906 – 0,2 %) og jukagirar (1281 – 0,1 %).
Andelen jakutarar har auka sidan oppløysinga av Sovjetunionen, frå 33,4 % ved folketeljinga i 1989, samstundes som andelen russarar har gått ned frå 50,3 %.
Merknader
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Russiske føderasjonssubjekt Kategori:Republikkar i Russland