Stormolla (eller Molla)Stormolla på Norgeskart.no fra Statens kartverk er ei øy i Lofoten i Vågan kommune i Nordland. Øya ligg aust for Svolvær og har eit areal på 34,4 km². Det høgaste punktet på øya er Heggedalstind på 751 moh.
Dei to største bygdene på Storolla er Brettesnes og Ulvåg. Brettesnes ligg lengst sør på øya, og har i dag om lag 20 fastbuande, men tidlegare var det mellom anna sildoljefabrikk på staden. Sildoljefabrikken vart lagt ned i 1990.
Ulvåg ligg på austsida av øya og har òg om lag 20 fastbuande. Ulvåg fekk vegsamband i 2002.
Tidlegare gjekk det ferje mellom Svolvær og Våtvika ved Brettesnes. Men sidan vegen vart bygd rundt det meste av øya, har ferja gått mellom Finnvika nord på øya og Digermulen på Hinnøya. Innbyggjarane på Store Molla er lite nøgd med ordninga, sidan det paradoksalt nok nå tar lengre tid å reise om Digermulen, Raftsundbrua og Fiskebøl til kommunesenteret Svolvær, enn det gjorde då ferja gjekk direkte frå øya til Svolvær.
Hurtigruta passerer Storolla på veg mellom Svolvær og Raftsundet.
Skodespelarem Wenche Kvamme bur på Brettesnes og er bestyrar på vertshuset Den Glade Skrei.
Referansar
Bakgrunnsstoff Stormolla på nett Bent Svinnung si side om Gullvika på Stormolla Bent Svinnung si side om Krabbvågen på Stormolla Ferjeruter Digermulen - Finnvik Ferjeruter Finnvik - Digermulen Nettportal for heile Lofoten
Kategori:Øyar i Nordland Kategori:Geografi i Vågan