Løno er ei privateigd øy utan innbyggjarar som ligg vest for Sotra i Øygarden kommune i Vestland. Øya har eitt hus som kan leigast og nokre naust. Øya er open for friluftsaktivitetar.

Området rundt øya er opent og vêrhardt og det krevst godt vêr for å nå ut til ho. Det er sau på beite heile året på øya.

Øya hadde fast busetnad frå 1845 til 1951 med 7 bustadhus og 6 gardsbruk. Løno hadde eigen skule og øya var sjølvforsynt med poteter, grønsaker og fór til dyra. Fiske og sjøfart var hovudnæringa. Skulen vart lagt ned i 1942, då det berre var tre elevar att, og tidleg på 1950-talet vart øya fråflytta.

Den sørlege delen av øya er sjøfuglreservat.

Folketalsutvikling: 1900Halvor Skurtveit et al. (red.), Fjell bygdebok, bd. II (Fjell kommune, 2005) 1950 44 17

Kjelder

Kategori:Øyar i Øygarden