Kanchipuram er ein gammal kongeby og eit viktig pilegrimsmål i hinduismen. Byen ligg i den indiske delstaten Tamil Nadu.
venstre|mini|Tempel i Kanchipuram, gravert i 1811.
Byen var hovudstaden til Cholariket frå det andre hundreåret f. Kr., og hovudstad for pallavadynastiet frå 600- til 800-talet. Han var lenge eit hovudsete for den tamilske kulturen. Sanskritdiktaren Kalidasa skildra han som den beste blant byar.
Kanchipuram er sentral for buddhistar, djainar og hinduar. I sjølve sentrum ligg heile 126 tempel, medan det finst fleire i områda rundt.
Byen ligg ved elva Palar. I tillegg til tempel er han kjend for å produsera svært forseggjorte sariar av silke.
Kategori:Byar i India Kategori:Tamil Nadu Kategori:Cholariket Kategori:Pallavariket Kategori:Tidlegare hovudstader