Port Waikato er ein busetnad på sørbreidda til Waikatoelva der ho renn ut i Tasmanhavet, på vestkysten til Nordøya på New Zealand. Dette er no ein liten busetnad med eit folketal på under 300 menneske,Staden omfattar tre meshblock-einingar med folketala 51, 228 og 162 i 2013. men staden var ei viktig hamn under Newzealandkrigane på 1800-talet. Hamna har eit handelshus som vart oppretta i 1893, ein restaurant, bibliotek, samfunnshus, brannstasjon, surfeklubb, båtklubb og ein aktiv fiskeklubb.

Port Waikato er ein kjend stad for surfing og fiske, og ein populær fritidsstad. Det kan fiskast frå klipper og frå stranda og utanfor sanddynene i elvemunningen. Flyndre og multefisk kan ein få rikeleg av med slepenot.

Like sør for byen ligg eindel særprega sandsteinsutløparar der ein del av scenene i filmtriologien Lord of the Rings vart tekne opp.

Nær byen vart det skipa ein leirskule i 1920-åra.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Port Waikato» frå , den 11. april 2008.

Kategori:Byar på New Zealand Kategori:Busetnader i Waikato