Nordøyane er ei øygruppe i Ålesund kommune i Møre og Romsdal. Ho omfattar øyene Ona, Sandøya, Finnøya, Harøya, Fjørtofta, Flemsøya, Haramsøya og Lepsøya og ligg på nordre Sunnmøre.
Lepsøya er den sørvestlegaste av dei åtte øyane og grensar til Vigrafjorden og Vigra i Giske kommune i sørvest. I nordaust ligg Ona som den nordlegaste øya, og grensar til Aukra kommune.
Den største av dei åtte øyane er Harøya, med 13,6 km². Ona er den minste folkesette med 0,8 km².
I august 2022 fekk Nordøyane vegsamband med fastland, og fleire av dei med kvarandre, då Nordøyvegen opna.
Kjelder
Kategori:Øyar i Haram Kategori:Øyar i Ålesund