Helgebostad er ei øy som ligg nordvest for Hitra i Trøndelag. Øya deler Straumsfjorden, som vert kalla Hestnessundet nord for øya og Håvikstraumen sør for øya.
Lenge såg øya ut til å verte fråflytta sjølv om det berre skilde nokre få meter til fast-Hitra ved sørenden av øya. Ein gammal kran frå det nedlagde Trondheim Mekaniske Verksted vart ombygd til vegbru og øya fekk vegsamband til Hitra i 1983.
På slutten av 1800-talet jakta baron von Leverkusen hjort på Helgebostad, og fekk mellom anna oppført eit jaktslott, som står den dag i dag.
Kjelder
Kategori:Øyar i Trøndelag Kategori:Geografi i Hitra