mini|Ukrainarar frå Podolia tidleg på 1900-talet. Ukrainarar (ukrainsk українці, 'ukrajintsi') er ei aust-slavisk folkegruppe. Dei bur hovudsakleg i Ukraina og har ukrainsk som morsmål. Medan det òg er vanleg å kalla alle innbyggjarane i Ukraina for ukrainarar, er det berre 77,8 % av dei som er ukrainarar i etnisk forstand.
Det finst om lag 45 millionar ukrainarar i verda. Ved folketeljinga i Ukraina i 2001 oppgav 37 menneske å vera av ukrainsk etnisitet. Dette utgjorde 77,8 % av folkesetnaden i Ukraina. Størstedelen av områda der det bur ukrainarar har vore underlagt russisk styre i fleire hundreår, noko som har ført til ei viss russifisering av ukrainarane. I 2001 oppga 14,8 % av dei som oppga ukrainsk etnisitet at morsmålet deira var russisk, resten snakka ukrainsk som morsmål.
Det finst òg minoritetar av ukrainarar i mange av dei tidlegare sovjetrepublikkane. Folketeljinga i Russland i 2010 viste ukrainarar i Russland,"Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010 i Kasakhstan i 1999 var det 547 000 ukrainarar, i Moldova er det om lag ukrainarar og i Kviterussland om lag 248 000.
Av utvandrargrupper av ukrainsk opphav finst det om lag i Canada, i Brasil og i USA.
Ukrainarane har tradisjonelt vore ortodokse kristne, anten tilknytt Moskva-patriarkatet eller eit eige patriarkat i Kyiv, men ein del av ukrainarane har òg tradisjonelt vore katolske kristne.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Slaviske folkegrupper Kategori:Folkegrupper i Russland Kategori:Europeiske folkegrupper