thumb|Två djur och leksak (1966), granitt, Bredängs Torg i Stockholm. Foto: Bengt Oberger Erik Höglund (fødd 1932 i Karlskrona, død 1998) var ein svensk målar, skulptør, teiknar, grafikar, glaskunstnar og formgjevar, far til glaskunstnaren Erika Höglund.

Utdanning 1948-1953 Konstfackskolan, Stockholm 1951-1952 Grafikkstudium hjå Harald Sallberg

Arbeid Han var knytt til Boda Glasbruk frå 1953-1973 som formgjevar. Der arbeidde han fram eit heilt eige rustikt uttrykk i glaset, og han formgav også til dømes ljosekroner i smijern og glas.

Han formgav også møblar i tre og skulpturar i keramikk, stein, tegel og bronse. Han skapte nærare 150 større verk til utsmykking av offentlege miljø.

Etter nokre års opphald tok han på slutten av 70-talet opp att glasarbeidet, denne gongen ved Pukeberg Glasbruk samt ved glashyttene Transjö, Åhus og Vrigstad. Frå 1988 samarbeidde han mest med Studioglas Strömberghyttan.

Han fekk Lunningprisen i 1957.

Representert ved desse samlingane Nationalmuseum, Stockholm. Röhsska Konstslöjdsmuseet, Göteborg. Konstmuseet Arkiv för dekorativ konst, Lund. Smålands Museum, Växjö. Blekinge Länsmuseum, Karlskrona. Kalmar Konstmuseum. Ystads Konstmuseum. Trelleborgs Museum. Östersunds Länsmuseum. Västerbottens Länsmuseum. Darmstadt Landschaftsmuseum Darmstadt. Bellerive Kunstgewerbemuseum, Zürich. Cooper-Hewitt Design Museum, New York. Corning Glass Museum, New York State. Victoria and Albert Museum, London.

Meir å lese Gunnel Holmér - Från Boda till New York. Konstnären Erik Höglund ISBN 91-7798-079-4 Björn Ranelid - Mellan mörker och ljus. Erik Höglunds 80-tal ISBN 91-7798-199-5

Bakgrunnsstoff Erik Höglund com Ljosekroner hjå architonic com

Höglund, Erik Höglund, Erik Höglund, Erik Höglund, Erik