Sølensjøen er ein del av det 46 km lange Sølna-vassdraget. Han er 14 km lang, og største djup er 58 m. Sjøen, med ei breidd på 3 km har store bestandar av røye, aure, harr, sik, gjedde, lake og åbor. Sølna har utløp austover til Femundselva / Trysilelva.
Sølensjøfisket Sølensjøen er særleg kjend for haustfisket etter sik, røye og lake (lågåsild). Sikfangsten aleine utgjer om lag 18–20 tonn i året, som i dag for det meste går til foredling, mellom anna til rakfisk, på anlegg i Elgå i Engerdal. Særleg viktig er Fiskevollen, det største innlandsfiskeværet i Noreg med omkring 37 naust og fleire andre bevaringsverdige hus i klynge. Fisket i Sølensjøen har tradisjonelt vore drive av gardbrukarar frå grenda Bergset i Øvre Rendal. Dei andre grendene i Øvre Rendal har tilsvarende tradisjonelt fiske i andre vatn i regionen: Elvålsgrenda har Elvålsvollen ved Isteren, og Undsetgrenda har Buvika ved Femunden. Fiskevollen ligg ca 30 km aust for Bergset, og når ein vurderer omkostningane ved reisa, transporten og ved å anlegge fiskeværet, forstår ein at fisket var svært viktig for gardane, både som naturalhushaldning, og gjennom at rendølane i hundreår har seld rakfisk på bygdene lenger sør i Hedmark.
Sørvest for sjøen ligg fjellet Sølen.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Sølensjøen» frå , den 17. april 2008. Der vart desse kjeldene oppgjevne:
Eknæs, Åsmund. Innlandsfiske (Samlaget, 1979) Frislid, Ragnar (mfl) Femundsmarka og Sølentraktene (Gyldendal, 1979) Jørgensen, Jan Hoff. Sølensjøfisket Magistergradsavhandling, 1987 Rugsveen, Magne. «Fiskevollen i Sølensjøen.» Fortidsvern, nr 3, 1992 artiklar også i Årbok for Nord-Østerdalen 1986 Turistforeningens årbok 1987 Jakt & fiske'' nr 6, 1993
Kategori:Innsjøar i Innlandet Kategori:Geografi i Rendalen
