Langsjøen er ein innsjø som ligg i kommunane Engerdal og Tolga i Innlandet fylke. Innsjøen strekkjer seg like sør for Rv26 mellom Tolga og Sømådal kyrkje i området mellom Sømådalen og Holøydalen. I partiet mellom utoset og Johnsgård turistsenter er innsjøen ikkje djupare enn 15 m, men nordvest for Johnsgård er innsjøen 42 m på det djupaste.

Kategori:Innsjøar i Innlandet Kategori:Innsjøar i Engerdal Kategori:Geografi i Tolga